Illustrasjon: Alexander Slotten
Illustrasjon: Alexander Slotten

Cutting Edge-festivalen: Besøk frå framtida

Sjølvkøyrande bilar, dronar og virtuell realitet. Framtida byr på mange moglegheiter. Men vi kan neppe overlata dei etiske problema til robotane, ifølgje forskarar.

Dronane flaug gjennom glashuset i Forskningsparken, mens roboten «Hepro» frakta kaffikoppar til dei ulike arrangementa. Det mangla ikkje optimisme og framtidstru da Universitetet i Oslo og næringslivet arrangerte forskingsfestivalen «Cutting Edge» førre veke. I tillegg til at Erna Solberg fortalde at teknologien skal forandre Noreg og at ny vitskap er den nye oljen, fekk 60 forskarar ti minutt kvar til å skildra forskinga si. Forsking som skal løyse nokre av dei største utfordringane vi står overfor i åra som kjem

Av dei 60 forskarane fortalde Pål Rongved, professor ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo, at stadig fleire bakteriar blir resistente mot antibiotika, og at det ikkje er blitt utvikla fleire enn to nye antibiotikamedikament dei siste 30 åra. Rongved og forskargruppa hans i Oslo håpar å gjere gjennombrot dei kommande åra og finne fram til nye stoff i kampen mot antibiotikaresistens.

Etterpå fortalde anestesilege Fridtjof Heyerdal frå Oslo universitetssjukehus om framtidas ambulanse og transportløysinga for pasientar med høg smitterisiko, som han har vore med å utvikle. Ein tredje forskar, Henrik Lid Scharff frå selskapet Salcape, jobbar med å finne nye måtar å fange karbon, og meiner at dei skal klare å bli best i verda på handtering av CO2-forurensing frå industrien. Bodskapen frå innovatørane var at teknologien finst, men at det ofte skortar på vilja blant politikare og i næringslivet.

Gjennom heile festivalen var det drone-workshop for dei som ville skaffe seg ein privat drone. Dronar er fjernstyrte, ubemanna farkost, som er i stand til å operere både på bakken, i lufta og til havs. Det tok knapt fem minutt å sette saman ein drone, men det var vanskelegare å flyge enn å byggje. Ifølge selskapet «Makeadrone», som sto bak dronane, er det i prinsippet den same teknologien bak deira dronar og dei militæret brukar til å fjernstyre bombeangrep i land som Afghanistan og Pakistan. Dronar kan brukast til å fotografere utilgjengelege stedar, til dømes eit brannåstad eller krigsområde, men også overvaka naboen.

Mange av dei nye løysingane og oppfinningane som vart presentert på «Cutting Edge» er kjend for å vere kontroversielle. Silvija Seres frå Polyteknisk foreining var uroleg for at vi utviklar ny teknologi raskare enn det vi klarer å handtere, og at dette kan skapa farlege situasjonar. Mange har til dømes hevda at framveksten av dronar representerer ein alvorleg trussel mot fred og sikkerheit. Dei seinaste åra har konseptet Responsive Innovation and Research (RRI) blitt meir vanleg i forskingsprosessar. UiO si satsing på livsvitskap var til stades på Cutting Edge, og fortalde om korleis dei prøver å få inn det etiske perspektivet tidlegare i prosessen. Dette er for å hindre at forskarar byrjar å arbeide med oppfinningar med negative konsekvensar på lang sikt.

I dag er det ein tendens at etikken blir ein slags festbrems etter at den nye teknologien har komme. Ifølgje forskarar ved «Cutting Edge» vil framtida føre med seg menneskeskapte klimaendringar som må løysast. Mykje tyder også på at robotane kjem til å ta over mange arbeidsoppgåver frå menneska. Ifølgje robotforskarar er det likevel mykje som tilseier at kva for konsekvensar ein ikkje ynskjer seg frå vitskap og ny teknologi ikkje kan overlatast til robotar, men fortsatt krevje menneskeleg forstand.