Fagskulen – på eigne bein

Fagskulane må bli meir teoritunge og lik dei tilboda vi har ved høgskular og universitet for å tilfredsstille krava til studiepoeng og bechelorgrad

Publisert Sist oppdatert

I samband med landsmøtet i Høgre, har høgrepolitikaren Kent Gudmundsen fremja eit forslag om at utdanning frå fagskule skal gje studiepoeng og at fagskulane skal kunne tilby ein såkalla yrkesbachelor. Eg vil åtvare mot ei slik undergraving av fagskulen sin eigenart.

Det er, og skal vere, ein skilnad mellom dei arbeidslivsretta, praksisbaserte og dynamiske fagskuletilboda på den eine sida, og dei meir teori- og forskingsbaserte utdanningane ved høgskular og universitet på den andre sida.

Attraktiviteten og styrken til fagskulane ligg nettopp i at tilboda deira er korte, arbeidslivsretta og dynamiske. Dei skal raskt kunne endra seg i takt med dei skiftande behova i arbeidslivet. Dei skal gje kompetanse som kan takast direkte i bruk i arbeidslivet utan ytterlegare opplæringstiltak. Dei skal tilby spesialisering og/eller vidareutdanning for dei med fag- eller sveinebrev frå vidaregåande opplæring. Synlegheit, og ikkje minst status, for fagskulane er derfor først og fremst knytt til at den oppnådde kompetansen faktisk er etterspurd og verdsett i arbeids- og næringslivet.

Skal fagskulane tilfredsstille krava til studiepoeng og bachelorgrad, må dei nødvendigvis bevege seg bort frå det korte og praksisretta løpet og bli meir teoritunge, og til forveksling lik dei tilboda vi allereie har ved høgskular og universitet. Med andre ord, fagskulane mister sin eigenart. Og kva skal vere føremålet med det?

Fagskular og UH-institusjonar bør sjølvsagt stimulerast til samarbeid om innpass for fagskulestudentar i høgre utdanning, der det er føremålstenleg.

Powered by Labrador CMS