Foto: Hans Dalane-Hval
Foto: Hans Dalane-Hval

Tankar og visjonar frå en leiarkandidat

Det er nødvendig at NSO tek eit større nasjonalt ansvar for læringsmiljøet til studentane.

Det nærmar seg landsmøte i Norsk studentorganisasjon (NSO) og det er på tide å oppsummera året som har vore og løfta nokre av dei tankane eg som leiarkandidat i NSO har for året som kjem.

Dette året har vore unikt for sektoren, med mange store prosessar som til dømes ny strukturmelding og nytt finansieringssystem. Det er heilt naturleg at NSO har hovudfokus på desse, men samstundes må ein som studentrørsle løfte andre viktige debattar.

Større breidde i det politiske fokuset

NSO sin politikk har stor breidde – det er ein breidde eg ynskjer at organisasjonen i større grad skal synleggjera. NSO må vera ein organisasjon som det ikkje er mogleg å kome utanom når ein skal drøfte høgare utdanning. NSO skal i tillegg driva fram samfunnsdebattar om høgare utdanning, og korleis utdanning pregar samfunnet, ein må i større grad setja dagsorden. NSO er ein interesseorganisasjon. Studentrørsla er ein samfunnsaktør.

Nasjonalt ansvar for studentane sitt læringsmiljø

Som studenttillitsvalt lokalt har eg jobba med heile breidda i studentpolitikken. Det er likevel læringsmiljø eg har jobba mest med, blant anna som leiar av læringsmiljøutvalet ved Universitetet i Bergen. Det er mi klare meining at det er nødvendig at NSO tek eit større nasjonalt ansvar for læringsmiljøet til studentane. Ikkje for å erstatta det viktige arbeidet som vert gjort av studenttillitsvalte ved institusjonane, men for å styrka det. Det trengs ei sterkare nasjonal røyst som kan setja dette høgare på agendaen og som kan koordinera det lokale arbeidet.

Oppfølging av medlemslaga

Som leiar av eit av landets største studentdemokrati hadde eg store forventingar til sitjande arbeidsutval som lova tettare oppfølging og meir kontakt med medlemslaga. Desse forventingane har langt frå vorte innfridd. Dette må vera eit av dei fremste fokusområda til NSO i året som kjem for å sikre at medlemslaga vert høyrde. Når ei no går frå landsstyre til sentralstyre må ein vidareutvikla arenaer for interaksjon mellom sentralleddet og medlemslaga.