Turnustrøbbel: Du har eksamen og du må stresse rundt med turnustankar. Det skulle ikkje ha vore slik, skriver kronikkforfatter. Arkivfoto: Universitas.

Blir eg arbeidsledig?

Du kan klare å få ein turnusplas på same måte som du kom deg inn på medisinstudiet – ved å arbeide for det, skriv Bjørg Bakke.

Bjørg Bakke, leder i Norsk medisinstudentforening

Du les og les. Så er det eksamen. Ikkje bare ein vanleg eksamen, men siste eksamen. Siste eksamen før du er lege. L-E-G-E. Dagen du aldri trudde skulle kome. Likevel, er ikkje gleda einsidig. Kven har skulda? Turnustenesta vel. Tenesta som du må ha, men som samtidig er den som skil deg frå legedraumen.

Medisinstudentar eg møter, snakkar med eller som tek kontakt er ofte engasjerte, frustrerte, fortvilte, sinte eller oppgitte. Kva kjem til å skje? Kjem eg til å bli arbeidsledig? Filip Hasseleid er ein av desse. Ein av mange. Ein av dei fleste faktisk. I sist Universitas vart det fokusera på at konkurransen rundt turnusplassane vil bli tøffare. Dette er nok ikkje noko nytt. Omlegging av turnustenesta fører til at studentane må vise sine sterke sider, ein må gjere seg attraktiv – gjere eit godt inntrykk.

Ved å velje å ta ei legeutdanning har det i mange år vore automatikk i at ein skal få seg ein godt betalt jobb i etterkant. Dette er som Hasseleid påpeikar i endring. Det å vere medisinstudent blir meir og meir populært for kvart år. Stadig fleire utdannar seg i utlandet og bidreg til at legedekninga ikkje er så pressa som tidlegare. Dette fører også til større konkurranse, også for å få turnusplass. Dette kan likevel ikkje turnustenesta ta skulda for. For tida er tilbodet større enn etterspørselen i turnustenesta. Kva ein skal gjere med dette, er ein annan diskusjon og krev andre tiltak.

Dei siste åra har turnustenesta vore under eit sterkt press.

Dei siste åra har turnustenesta vore under eit sterkt press. Fleire og fleire påmeldte og liten auke i antal plassar. Dette har ført til at dei fleste har måtte vente seks månadar. Dette er ikkje noko nytt, samstundes er det særdeles uheldig. Det er ingen usamde i.

Kva kjem dei praktiske konsekvensane til å bli? Nokon spekulerer i at ein kan måtte vente i fleire år for å bli ferdig med turnustenesta. Dette kan ingen vite. Men alle kan tydelegvis spekulere. Sanninga er at det er vanskeleg å seie, nokre viser til Sverige som døme, andre seier dette ikkje kan nyttast. Kva skal ein tru på? Når ein tenkjer på det, så kan det godt bli situasjonar der nokon må vente lenge, særskild viss ein berre søkjer på plassar der konkurransen er svært høg. Men er ein villig til å reise litt, så vil nok moglegheitene vere større. Kan ein norsk, så vil ein truleg stille sterkare enn mange av søkjarane som er frå EØS- land og har avgrensa språkkunnskapar.

Veit eg dette? Nei, det gjer eg ikkje, men det er fortsatt 475 plassar som skal bli fordela og du kan få ein av dei. Men på same måte som du kom deg inn på medisinstudiet, så kan du klare å få ein turnusplass – ved å arbeide for det. Det er det bare du som kan gjere, så skal Nmf arbeide for at nepotisme og diskriminering ikkje skal bli tilfelle.

Du har eksamen og du må stresse rundt med turnustankar. Det skulle ikkje ha vore slik. Det skulle ha vore løyst lenge før, over ein lengre periode, med større forutsigbarhet. Men slik er det ikkje. Det må me alle ta konsekvensane av.

Nmf arbeider for at turnustenesta skal bli best mogleg under den situasjonen som ein no er i. Ein arbeider for at du som bør tenkje på pensum, ikkje skal bekymre deg over at du ikkje får søkje på turnusplass. Ein arbeider for at Robin Kåss skal frigi ein tweet om når, korleis og kvar søknadsinformasjonen vil vere.

Det er ikkje alltid like lett å vise til eitkvart tidspunkt kva som skjer i turnussaka, men Nmf er der det skjer. Tru det eller ei. Det er faktisk nokon som talar di sak i møte med myndighetene. Enten du heiter Filip Hasseleid eller er ein einsleg far som ynskjer særplass.

Powered by Labrador CMS