UTFORDRES: Arild Underdal

Ope brev til rektor Arild Underdal

Publisert Sist oppdatert

No er me lei!

Gong på gong har UiO vist at dei ikkje har respekt for dei lovfesta rettane studentar som skriv nynorsk har. Når me har meldt oss opp på nynorsk, skal me få eksamensoppgåvene på språket vårt!

Fleire institutt har den siste tida bede studentane om å godtaka eksamensoppgåver på bokmål i staden for nynorsk. I tillegg er det mange som kvart einaste semester opplever å ikkje få eksamen på nynorsk på eksamensdagen. Det har òg vore problem med at eksamenstekstane på nynorsk og bokmål har ulikt meiningsinnhald.

Retten til eksamen på nynorsk som studentar som har meldt frå til lærestaden at dei er nynorskbrukarar er heilt klår, nedfelt i Lov om målbruk i offentleg teneste og i Forskrift om målform ved eksamensoppgåver.

Spørsmålet til rektor er: når skal UiO byrja fylgja lova og gje eksamensoppgåver på både nynorsk og bokmål?

Powered by Labrador CMS