Universitas for alle?

Publisert

Eg har høyrt eit rykte om at Universitas er eit smalt kollegium basert på øvre Blinderen for den jevne blindernhipster av den jevne blindernhipster. Dette er sjølvsagt kun rykter. Rykter er likevel visstnok godt nok til å skrive ein nyhendesak for Universitas. Eg referer til artikkelen «ødelegger for hverandre» trykt i Universitas 22 august 2012.

Ein artikkel om sjølvrapportert følt negativ konkurranse på juridisk fakultet er «krydra» med referansar til rykter om sabotasje jusstudentar mellom som stjeling og klussing i lovbokøker. Når vart det greit for Universitas å vere så lemfeldig i omgang med kva som er sant og kva som er grunnlause rykter?

Det går eit rykte om at Universitas, som skal freiste representere studentar i heile SIO ikkje klarar å representere meir enn halve Blinderen. Saka om sabotasje mellom jusstudentar nyttar lause rykter til å forsterke ein stereotype av jusstudentar som Universitas verkar å like svært godt. Artikkelen går også inn i ei vedvarande trend med likelydande artiklar. Sist gong eg kan hugse studentar ved juridisk fakultet vart nemd i avisa var i «det tredje riket», ein anmeldelse av studentbaren Frokostkjelleren. Der fikk anmeldaren «alle sine sterotyper bekreftet» av jusstudentar «kledd ut som advokater» og meinte at Frokostkjelleren var «et enormt toalett».

Ironi og sarkasme og humor er me alle kjende med, men denne einsidige dekninga liknar regelrett mobbing av juridisk fakultet. Universitas takkar nei til å rapportere frå f.eks jusstudentanes enorme veldedigheitsaksjon Humak eller andre ting som skjer nede på fakultetet. Journalistane kastar seg derimot på kvar mogelegheit til å spre rykter og portrettere jusstudentane som verkelegheitsfjerne karikaturar. Det verkar som om journalistane på øvre Blinderen ikkje er interesserte i å inkludere studentane ved Juridisk fakultet i sitt smale felleskap eller gje dei verken rettferdig eller riktig dekning i blekka si.

Powered by Labrador CMS