Velkomen til Europa

Publisert Sist oppdatert

Problemløysing! Samarbeid! Kunnskap! Plussorda velta ut av Universitas sist onsdag då Marthe Oldernes frå Studenter for EU Oslo svarte på innlegget mitt. Eg skulle verkeleg ynskje at EU likna meir på den unionen Oldernes skildrar.

Oldernes skriv mellom anna at «Utvekslingsmulighetene som EU har lagt grunnlaget for i Europa er bare et ledd i en prosess for å gjøre vår verdensdel ledende innenfor kunnskap og forskning», og kjem fleire gongen med liknande utsegner. Med eurokrisa er det vanskeleg å sjå at dette er realiteten. Frå dei aller fleste landa i EU blir det meldt om kutt i løyvingane til forsking og høgare utdanning, og mange stader har skulepengane auka kraftig, slik ein til dømes kunne lese i Aftenposten 15. februar. I somme EU-land er ungdomsarbeidsløysa mellom 40 og 50 prosent. Studentane slit med å skaffe seg arbeid både under og etter studia, og dette påverkar sjølvsagt òg kor mange som vel lange, dyre utdanningar.

At EU lukkar vår verdsdel mot resten av verda meiner eg er svært negativt.

Om studentutveksling melder Oldernes: «At det er EU som har tatt initiativet til å oppnå dette kan ikke engang nei-siden gjøre til noe negativt». Nei, det ville vi sjølvsagt aldri gjere. Men det nei-sida faktisk gjer, er å vere tru mot sanninga. I dette tilfellet er det difor viktig å påpeike at Erasmus er EU-initiert, medan Bologna-prosessen kjem frå Europarådet og UNESCO. Men eg held fast på kritikken mot den djupe, overnasjonale kontrollen av akademia: At EU (og fleire andre, diverre) lukkar vår verdsdel mot resten av verda meiner eg er svært negativt.

I dette korte svaret blei det ikkje plass til å ta opp dei større, faglege kritikkane mot den sterke EU-styringa av forsking og høgare utdanning. Men når «konkurransedyktig» er mantraet i styringa av akademia, må noko bli borte på vegen. EU er diverre ein pådrivar for eit meir einsretta akademia.

Ettersom Oldernes serverer utsegn av typen «jeg tror rett og slett nei-siden har misforstått litt hva samarbeid egentlig er», får eg lyst til å avslutte på same, overlegne måte:

Eg ynskjer Marthe Oldernes velkomen til Europa. Ikkje det Europa som finst i studiesirklane til Europeisk Ungdom, men det Europa som eksisterer i røynda.

Powered by Labrador CMS