Eit SmiO for alle!

Publisert

I Universitas nr. 4 2011 skriv Kristian Lødemel at Studentmållaget i Oslo (SmiO) er «til meir skade enn gagn». Han meiner at SmiO er med på å halda på mytane om at ein nynorskbrukar er «vegetarianar, homofil, medlem av SU, NU, feminist og EU-motstandar».

Du treng ikkje forsvara andre mindretalsstandpunkt for å skriva eller arbeida for nynorsk

Som leiar kan eg ikkje seia imot at SmiO har representantar frå alle desse «grupperingane», men eg tykkjer Lødemel viser eit for snevert bilete av SmiO slik det er i dag. Me er stolte av mangfaldet i laget, og ynskjer framheva at både i det noverande og førre styret har me medlem som studerer på BI og røystar Høgre. I SmiO har me plass til alle. Du treng ikkje forsvara andre mindretalsstandpunkt for å skriva eller arbeida for nynorsk. Fleire av medlemene våre skriv bokmål, men dei vert ikkje mindre medlem av den grunn.

At det gjerne er dei på venstresida i politikken som støttar nynorsk, heng saman med dei historiskpolitiske linjene i Noreg. Målrørsla, fråhaldspolitikk og forsvar av religiøse verdiar var ein del av bygdesamfunna sin opposisjon mot dei sentrale byområda på slutten av 1800-talet. At me i SmiO framstår som forsvararar av fleire politiske standpunkt, om dei er mindretals- eller fleirtalsstandpunkt, heng òg saman med at dei som fyrst er engasjert i éin organisasjon, gjerne er engasjert i fleire. Men me skal vera forsiktige med å gå ut over mandatet vårt og (mis)bruka organisasjonen til andre kampsaker.

Me er ein språkorganisasjon, og tek imot alle som vil støtta og hjelpa oss i arbeidet for nynorsken spesielt, og norsk generelt. Når Lødemel viser til at berre 2 prosent leverer masteroppgåva si på nynorsk, er det kanskje verre at det i 2006 vart levert 33 prosent på engelsk, og at prosenten sikkert ikkje har minska etter den tid.

Styret i SmiO ynskjer gjerne å ha med folk som Lødemel, som kan bidra med fleire og breiare perspektiv på målsaka, og som har vilje til språk.

Powered by Labrador CMS