SmiO, til meir skade enn gagn

Publisert

Det er alt for få som skriv på nynorsk her på Universitetet. Det burde ha vore fleire. Her kjem folk frå heile landet, og så er det berre to små prosent som leverer masteroppgåva si på nynorsk.

Eg trur årsaka ligg i alle mytane som blir halde i hevd av målrørsla, mellom anna Studentmållaget i Oslo (SmiO). Desse mytane vil eg gjerne få avkrefta.

For det første treng du ikkje å vere vegetarianar, homofil, medlem av SU, NU, feminist og EU-motstandar for å skrive på nynorsk. Du kan like godt vere ein mannssjåvinist eller heilt A4, men ein får støtt inntrykk av at å skrive på nynorsk skal hange saman med alle andre mindretals- eller radikale standpunkt. Det burde ikkje vere innslag av slikt samrøre i eit mållag. Å skrive på nynorsk vil seie at du skriv på nynorsk, ikkje noko meir.

For det andre treng du ikkje å skrive om å «handsame ymse tame», men du kan skrive så det er mogleg å skjøne kva du skriv om, sjølv på nynorsk. Det går an å skrive om å «behandle nokre eigenskapar». Det er ikkje snakk om å vise kor god du er til å byte ut alt som finst av anbehetelse, men om å bruke ei språknorm som har mykje å by på. Det er heller ikkje naudsynt å ha eit nærast religiøst syn på Ivar Aasen. Du treng ikkje å verne om landsmålet som om det var skaparverket til Sjølen sjølv.

Kritikken her går på at eit mållag burde representere mangfaldet av nynorskbrukarane, og ikkje grave seg ned i si eiga lille snøhule. Mangfaldet av nynorskbrukarane har ikkje store tankar bak valet av skriftnorm. Dei har ikkje eit behov for å skrive arkaisk eller dyrke Aasen som Gud, men dei har nynorsk som bruksspråk likevel.

«SmiO gjer valet om å skrive på nynorsk til noko større enn det er.»

Eit mållag burde ikkje skape stereotypiar som gjer at ein blir plassert i bås berre fordi ein skriv nynorsk. Slik SmiO framstår no, gjer dei meir skade enn gagn, for dei gjer valet om å skrive på nynorsk til noko større enn det er.

Det viktigaste her er berre å bruke nynorsken. Skriv nynorsk for å halde fast på røtene. Skriv nynorsk for å ha eit godt språk å jobbe med. Skriv nynorsk fordi du meiner noko med det, eller fordi du ikkje meiner noko med det. Men ikkje la det største Universitetet i Noreg (i alle fall når det kjem til sjølvskryt) vere ein stad der det finst så få som har viljen til språk.

Powered by Labrador CMS