Får PPU ei radikal omlegging?

PPU har store organisatoriske utfordringar, har eit stort potensial for betring, og har framfor alt eit alvorleg omdømmeproblem, skriv kronikkforfattaren.

Publisert

Det er feil av Ketil Mathiassen og Rolf Mikkelsen (M&M;) i Universitas 8.september å avvise så direkte kritikk, og ein så viktig debatt, som tidligare PPU-student Henrik Melgaard Christensen (HMC) løfter fram i sin kronikk 1. september. PPU har store organisatoriske utfordringar, eit stort potensial for betring, og framfor alt eit alvorleg omdømmeproblem. Ei rekkje sentrale grep bør takast for å rette opp i dette – det kan ikkje vere tvil om at vi treng ein debatt.

HMC er særleg kritisk til korleis praksis vert gjennomført i dag. M&M; avviser dette med å seie at studentane, ifylgje deira tal, i stor grad er nøgde med praksis. Dette rimar ikkje med dei tilbakemeldingar vi får frå våre studentar (sjå òg LPU-rapport 2010).

Det er riktig at studentane seier at praksis har gjort dei meir motiverte til å bli lærarar, men dei seier òg at det er stor skilnad i kvalitet mellom dei ulike praksisskulane, og mellom kvar einskild rettleiar.

M&M; seier at dei fire første vekene av praksis ikkje berre skal nyttast til observasjon, og at det heller ikkje er slik for dei fleste. Spør du studentane viser det seg derimot at der er slik for mange – det skulle sjølvsagt ikkje vore tilfellet for ein einaste ein.

Eit stadig tilbakevendande tema for lærarutdanningane er mangelen på samanheng mellom teorien på universitetet og praksis i skulen. Det kan synast som om PPU utspeler seg i skjeringspunktet mellom to verder som ikkje kommuniserer med kvarandre. Dette kan berre løysast ved betre samarbeid, og ved at praksisskulane har ønskje om og evne til å ta eit medansvar som lærarutdannarar.

Ein måte å oppnå dette på, er at òg UiO vel å følgje krava om rettleiingskompetanse som no er innførte for grunnskulelærarutdanningane. Vi ser at kvalitetssikring er ein grunnleggande mangel i sentrale delar av utdanninga.

HMC seier at Praktisk-pedagogisk utdanning heller bør omtalast som teoretisk-pedagogisk, og etterlyser fleire metodar, råd og praktiske rettleiingar. Han meiner at fokuset på det teoretiske skaper distanse til læraryrket. Til dette svarer M&M; at ein ved ILS er i gang med ein revisjon av pensum og førelesingar.

Vi vil ikkje ha mindre teori, vi vil ha teori som vert opplevd som praksisnær og profesjonsrelevant.

Begge gløymer å nemne det viktigaste: Studentane treng tid, omgrep og analyseverktøy for refleksjon kring eiga yrkesutøving. Problemet med utdanninga i dag er at den korkje legg til rette for eller motiverer studentane til å nytte desse teoretiske verktøya i praksis. Vi vil ikkje ha mindre teori, vi vil ha teori som vert opplevd som praksisnær og profesjonsrelevant. Det kan ein oppnå om vi, som dei nye grunnskulelærarutdanningane, og vår eigen rammeplan, vel å integrere forskings- og utviklingsarbeid i utdanninga.

Mange studentar peiker på sein og dårleg rettleiing og tilbakemelding, både i praksistida og gjennom undervisinga på universitetet. Det er eit paradoks at mange studentar først ved slutten av studiet får tydlege signal om at dei står i fare for å bli vurderte som ueigna.

Som komande lærarar er det heilt essensielt at vi både erfarer og lærer å bruke hensiktsmessige vurderingsformer, òg for å kunne gi gode tilbakemeldingar til våre eigne elevar. Dette er tydeleg nedfelt i rammeplanen for PPU. Slik vi ser det, bør ILS revidere vurderingsformene på PPU, og setje seg som mål at utdanninga skal vere læringsfremjande frå byrjing til slutt. Saman med ei omfordeling av arbeidsmengda, kan vi få ei utdanning med driv og læring frå dag éin.

Kunnskapsdepartementet sin rammeplan for PPU er eit godt, omfattande, og framfor alt svært ambisiøst dokument. Ifølgje UiOStrategi2020, «skal [universitetet] tilby landets beste lærerutdanning». Vidare står det at «lektorutdanningen skal heves til internasjonalt nivå. I samarbeid med skoleverket skal en forskningsbasert utdanning gi oss høyt kvalifiserte lærere». Vi er godt nøgde med desse visjonane. Ei god byrjing på veg mot desse ville vore om UiO først tok mål av seg å følgje rammeplanen for PPU.

Powered by Labrador CMS