Ikkje forståing for Sydsæter

På nettsida til Universitas uttrykk Knut Sydsæter, professor ved Økonomisk institutt, si forståing for at institutt sjekkar om nynorskstudentar ønsker eksamensoppgåver på nynorsk. Han bagatelliserer saka som har vore oppe i Universitas. Sjølv gir han seg til kjenne som privatdetektiv på området, men det er ikkje slik diskret sjekking som har ført til fokuset på målpraksisen ved UiO. Institutta oppmodar nynorskstudentar til å avlegga eksamen på bokmål. Ved fleire tilfelle har også eksamen bare vore på bokmål, trass i at studentar har takka nei til oppmodinga.

Grunngjevinga for slik praksis er ekstraarbeidet for dei tilsette. Sydsæter følger opp, og seier at studentanes ønske om nynorsk må avvegast mot ekstraarbeidet som blir pålagt dei. Nordisk institutt har svart at dei tidlegare har tatt på seg oppdrag, frå andre institutt, for å sikre at eksamen foreligg på begge målformer, der det skulle by på problem. Eg lurar på kva som får professorar til å skryte av evneveikskap. Alle på Økonomisk institutt har hatt norskopplæring før dei heiv seg laus på deriveringa. Sydsæter sin argumentasjon bygg på eiga erfaring ved eksamen i matematikk for økonomar, der han har tatt stikkprøver, ved tre eksamenar med tre års mellomrom, for å sjekke kor mange av dei nynorskoppmelde som ba om nynorskteksten. Ni års uvitskapleg detektivarbeid kvalifiserer til å kunne kallast unaudsynt ekstraarbeid. Dette gjer Sydsæter si syting lite truverdig.

Sydsæter sitt andre argument kviler på oppdaginga han gjorde med at ingen hadde bedt om nynorskteksten. Han mistenker studentar for å krysse av for nynorsk av prinsippielle grunnar, og sluttar at dette er eit demonstrativt kryss dei ikkje meiner noko med. At ein vel målform av prinsippielle grunnar er nok korrekt, men korleis Sydsæter sluttar frå å følge eit prinsipp til at desse grunnane er meiningslause, er uklart.

Ved same eksamen som Sydsæter har erfaring frå, måtte eg sjølv be om nynorskteksten, og det tok mye tid å finne oppgåva som lå igjen hos hovudinspektøren. Ein del roping og peiking måtte til før eksamensteksten landa på pulten min. Om alle eksamensoppgåver var trykt på begge målformer, på same arket, hadde det nok spart tid for oss alle. Dette er mi oppmoding til alle fakulteta! Då treng ein ikkje bruke tiår på å sjekke kven som tok seg bryet med å kreve rettane sine.

Powered by Labrador CMS