ABSOLUTT UNDERHALDNING: Underhaldande, men svært lite konstruktiv, og blotta for nysgjerrigheit, seier Anne Viken om dagens feministdebatt.

Ein feminisme for framtida må takle uenighet

Feminisme har blitt ein akademisk, korrekt og dogmatisk disiplin med låg takhøgde og svake debattstemmer, skriv Anne Viken.

ABSOLUTT UNDERHALDNING: Underhaldande, men svært lite konstruktiv, og blotta for nysgjerrigheit, seier Anne Viken om dagens feministdebatt.

ANNE VIKEN, stråkvinne, journalist og bloggar.

I sommar var eg på sommarleiren til studentpolitikarane i Venstrealliansen. Tema var kjønn og feminisme. Eit spørsmål som blei reist var korleis ein kan gå i dialog med evolujonspsykologiske argumenter om kjønn og kjønnsroller. Evolusjonspsykologien bygger på at deler av vår adferd påvirkes av genene våre.

Eit argument som har blitt hevda av psykolog Frode Thuen i A-magasinet er blant anna at dei urgamle, genetisk bestemte kjønnsrollene vi er i besittelse av, vil tre tydeligare fram jo færre faste normer og reglar som preger samfunnet og forventningane til oss som kjønn. Altså kan ein tolke det genetisk dersom kjønnsroller, eller skilnadane mellom kjønna, blir meir og meir ulik parallellt med at samfunnet endrar seg.

Har ein som feminist argumenter i møte med slik «genetisk argumentasjon»? Har ein kunnskap nok til å møte ein eventuell og medievarsla kulturkamp? Skal ein vere nysgjerrig eller avvisande, var noko av det ein snakka om. Banale spørsmål, men svara er ikkje gitt av seg sjølv. Selvfølgelig saklighet og nysgjerrighet, vil mange seie, men dette er langt frå sjølvsagt når gjeld «hårsåre, eller personlige, tema» som kjønn og feminisme. Det er uansett nødvendig i offentlig debatt.

Litt etter sommarleiren skreiv eg eit lesarbrev i Aftenposten (6.august) om feminister som heller enn å ta ledelse i debatt, henger på med korrigeringer. Innlegget var, mellom anna, ein reaksjon på eit innlegg av feminist Anne Bitsch i Aftenposten 16.juli der Bitsch fronter korrigeringer og enkelt omsettelige feministiske fraser i møte med demografiske utviklingsscenario for Norge.

Korrigeringsmetoden er eit gjennomgåande problem: Feminisme har tilsynelatande blitt ein akademisk, korrekt og dogmatisk disiplin med låg takhøgde og svake debattstemmer. Frå å vere ein politisk interessant arena, har feminisme blitt ein underhaldningsdisiplin som ikkje viser nysgjerrighet eller interesse i møte med nye problemstillingar, men tilsynelatande er nøgd med å irettesette og seie seg uenig. Heller enn å utfordre sine motstandarar, parkerer ein seg sjølv på sidelinja som pedagogiske tanter.

Her finst fleire eksempel på korleis ukorrekte stemmer som fremmar «ukorrekte» standpunkt blir møtt i offentligheita av feminister som føler at dei har rett til å ta i bruk både hersketeknikker (som dei sjølv har kjempa mot), og feige taklinger når dei føler seg trua. Eg kunne tatt mange eksempel, men av hensyn til plass tek eg med kun eit rykande ferskt eksempel frå riksfeminist Martine Aurdal som over ei heilside i Dagbladet 7.august karakteriserte underteikna som ei «sint, ung kvinne som ønsker seg merksemd».

Aurdal møtte ikkje mitt lesarbrev, ho viste derimot at feminister ikkje går i dialog, kun korrigerer uenige stemmer, her meg. Metoden var ikkje uventa. Den er heller norm. Fronter skapes. Ingen steiner flyttes. Påstand står mot påstand. Underhaldande, men svært lite konstruktivt, og blotta for nysgjerrighet. Det er interessant at eit tilsynelatande radikalt forum som feminisme utgir seg for å vere, er så dogmatisk og låst.

Denne måten å møte debatt på er problematisk all den tid det feministiske miljøet er så lite at kun eit fåtal kjenner det frå innsida. Feministar blir dermed i stor grad sett og definert utanfrå, og det ein ser, er som i dette enkle tilfellet, feige taklingar.

Enkelte påpeiker at eg kun kritiserer feminister i mitt debattinnlegg i Aftenposten 6.august utan å kome med konstruktive løysingar på kva ein kan gjere. Ja, eg har ikkje alle løysingar, men eg meiner problemet med korleis ein møter uenige stemmer kan påpeikast sjølv om ein ikkje i same andedrag løyser det.

Dersom feminister makter å lytte til uenige stemmers meiningar og svare dei på ein sakleg måte, vert dei igjen stemmer verdt å lytte til.

Dersom feminister makter å lytte til uenige stemmers meiningar og svare dei på ein sakleg måte, vert feminister igjen stemmer verdt å lytte til, samt stemmer som kan lede an i debatt. Dette er ei utfordring å ta tak i både for studenter i kjønnsforskning og for feminister i studentpolitikken. Ein lever ikkje lenge på retorisk billig, om enn sexy formulert, sverting og avvisning av meiningsmotstandarar. Den som ler sist, ler oftast best. I første omgang har feminister liten grunn til å le. Først må ein lære seg dialog og nysgjerrighet.

Powered by Labrador CMS