Det ein ikkje veit, har ein kanskje vondt av

Publisert

Debattredaktør Andreas Slettholm begår ein journalistisk skivebom og, vil eg seie, grov uaktsomheit i Universitas 18. februar. Han lar sine eigne innbitt defensive haldningar til realfaga resultere i eit relativt lite imponerande og umotivert angrep på realistar og våre innbilte meiningar om alternativ behandling. Ein kan spørje seg kvar han har erfaringane sine frå, og kvifor ein samfunnsvitar som Slettholm ikkje stiller seg på same lag som dei som brenn for ei vitskapeleg skildring av røynda.

Ikkje berre vert det avslørt ein total mangel på kjennskap til realfagsmiljøet, men dei mange argumenta til Slettholm har då heller ingen relevans til debatten om Snåsamannen og alternativ behandling sett frå eit realfagsperspektiv. Slettholm ser ut til å tru at årsaka til skepsisen og kritikken frå realistar grunnar i frykt for å miste forskingsmidlar. Det er det ingen som har påstått, så vidt meg bekjent, og må vere forfattaren sin eigen hypotese.

Det er i det heile tatt fullstendig unødvendig av Slettholm å gjere dette til ein feilplassert krangel mellom naturfag og samfunnsfag. I motsetnad til Slettholm sin argumentasjon så meiner eg dessutan at det absolutt er relevant kva folk trur på eller ikkje, dersom vedkommande (a) er i ein maktposisjon og/eller (b) trur på så rare ting at beviselege fakta om naturen må forkastast. På same måte så er det sjølvsagt ikkje slik at Slettholm ville trekt på skuldrene om arbeids- og inkluderingsministeren kom ut av skapet som ein stor fan av fascismen eller eit anna forkvakla samfunnssyn.

Det er sikkert gøy for Slettholm å kaste brannfaklar inn i Snåsadebatten, men konstruktivt og modent er det i alle fall ikkje. Formuleringar som «[realfagsstudentar] får presentert forskning som tøv eller sludder dersom foreleseren er uenig i akkurat det forskningsfeltets fortreffelighet», «de mest framtredende forskerne i debatten burde rett og slett roe seg ned» samt nedsetjande karakteristikkar av realistar som «laboratorierotter» lemnar Slettholm lite av æra i behald. Eg har lenge vore klar over at Universitas er ei studentavis på meir enn ein måte, men dette var å ta skrittet tilbake til grunnskulen for debattredaktøren sin del. Eg veit ikkje akkurat kva debattredaktøren har greie på, men det hadde vore fint om han i framtida kunne ta av seg tabloid-brillene og uttale seg med mindre pondus og galle om ting han openbart manglar kjennskap til.

Powered by Labrador CMS