Norsk språk, verdifullt i akademia

Publisert

Debatten om verdien av norsk som akademisk språk har rast dei siste vekene, etter at Studentparlamentet velde bort eit punkt om å sikre norsk som akademisk språk. Det snakkast med høge ord om internasjonalisering og engelsk, som om det skulle vere det same. Ein kan spørje seg om ikkje enkelte har misforstått eit og anna. Det er sant nok at engelsk, som andre språk, er ein viktig ressurs. Men det er viktig å ikkje gløyme det som er kvardagen for flest nordmenn: samkvem, diskusjon, arbeid og studier med andre nordmenn. Det er mellom anna derfor viktig å sikre norsk som akademisk språk.

Dei fleste studentar vil nytte norsk språk som arbeidsspråk og i det private. Å nytte engelsk som akademisk språk vil gjere at svært mange vil stå i fare for å mangle kunnskap til å formidle kompetansen sin på norsk. Tenk om lærarar, psykologar, legar, journalistar og litteratar berre kunne formidle kunnskapen sin på engelsk! Avstanden mellom dei med og utan utdanning ville auka enormt, rett og slett av di dei ville snakka forskjelleg (nasjonal-)språk. Dette er eit enormt demokratisk problem av di viktig og verdifull informasjonen då berre vert tilgjengeleg for eit engelsktalande mindretal. Vi har mange døme frå fortida på land der overklassa har snakka eit anna språk, som fransk i England og Russland eller dansk i Noreg. Felles for dei er at det er samfunn med store klasseforskjellar, lite makt hjå folket og liten sosial mobilitet.

Språk er ikkje noko vi berre nyttar til å formidle kunnskap; det er ein stor del av vår identitet. Nasjonalspråka er viktig av di dei knytte saman mindre landområde i politiske og kulturelle einingar. Menneska vert knytt saman i fellesskap der det blir kortare veg frå grasrota til lauvkrona. Å nytta nasjonalspråka i politikken, akademia og i næringslivet er derfor eit viktig demokratisk prinsipp; norsk har verdi av di det er vårt mål og ein del av oss.

I ei tid der delar av ordskifte føregår på engelsk er det sjølvsagt viktig med kunnskapar i dette språket. Men det er så mykje meir i verda og akademia. Det vert heile tida sagt og skrive viktige ting på eit av dei tusenvis av andre språka i verda, utsegn som ikkje let seg forstå med mindre ein har kjennskap både til språket og kulturen. Derfor bør internasjonalisering legge til rette for meir enn engelsk; det bør legge til rette til at ein i størst muleg grad kan møte og forstå folk frå og i andre kulturar, og dette gjer ein best ved å arbeide for utbredt kompetanse i mange språk. Samstundes bør vi her i Noreg legge til rette for at folk kan kome frå andre land for å lære å kjenne norsk språk og kultur.

Det er uansett viktig at det ikkje vert ein motsetnad mellom internasjonalisering og vern om norsk som akademisk språk. For som eit gamalt kinesisk ordtak seier «å kjenne seg sjølv er å kjenne andre, for hjerte forstår hjerte».

Powered by Labrador CMS