Sosialt tilbod på Kingsjå

Publisert

Sidan før sommaren har det ikkje vore eit sosialt tilbod for dei som bur på Kringsjå og Fjellbirkeland. Zenith, kafeen som var der, er lagt ned, og i haust har gruppa «Save Zenith» arbeidd for å få tilbake ein stad der folk kan treffast, ein stad på over 12 kvadratmeter som me elles er tilgodesett med.

I førre Universitas skreiv Egil Heinert, hovudstyreleiar i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), at det den 10. september vart bestemt å avvikle drifta av Zenith i si noverande form. Mitt spørsmål til Heinert er: Kor tid kan me som bur oppe i periferien vente oss ein sosial samlingsstad?

I dei siste utgåvene av Universitas har ein også hatt høve til å lese innlegg frå andre som har ytra seg kritisk til SiO i denne saka og som har stilt direkte spørsmål til leiinga i SiO (Jan Erik Skretteberg den 8.10, Kim M. G. G. Thon og Lene Hamre Høyendahl den 10.9). Ein ting er at SiO ikkje svarar, ein kan lure på om det er fordi dei ikkje har skikkelege svar å kome med. Eg vil med dette igjen oppmode SiO til å svare for seg på dei tidlegare framsette påstandane og spørsmåla.

«Save Zenith» har eiga Facebook-gruppe og der blir all korrespondanse lagt ut.

Powered by Labrador CMS