Uklåre tankar um demokrati

Publisert

I fyrre Universitas hev studentrepresentant i Universitetsstyret Kim Rand-Hendriksen ein kronikk der han gjev grunnar for at Studentparlamentet meiner at instituttstyrarar bør tilsetjast og ikkje veljast. I den samanhengen nyttar han ordet demokratisk meir enn det som godt er. Han skriv m.a. at vedtaket i Universitetsstyret um å setja til sides normalreglementet og tillata å tilsetja instituttstyrarar på dei nye institutti på Historisk-filosofisk fakultet (HF) var gjort «på bakgrunn av et

demokratisk flertall i fakultetsstyret på HF», og sluttar at det «ikke [var] et eksempel på overstyring, men på fungerende demokratisk medvirkning» (mine utmerkjingar).

Ein må undrast på kva som er so demokratisk med fleirtalsvedtak i eit nimannsstyre der dei vitskapleg tilsette på HF hev berre tvo representantar (eg ser då burt frå dekanatet med Bjarne Rogan i spissen, som openbert er ute i onnor ærend enn å representera interessone åt dei tilsette på fakultetet). Det store fleirtalet av vitskapleg tilsette på HF ynskjer å halda på skipnaden med val av instituttstyrarar. Kva «demokratisk» høve hev dei havt til å få gjenomslag for den syni? Kann ein tala um «fungerende demokratisk medvirkning» i eit regime der dei som framfor nokon vert påverka av dei avgjerdene som vert tekne, ikkje vert høyrde og knapt nok tekne med på råd?

Eit sentralt argument som Rand-Hendriksen fører fram for tilsette styrarar, er at dei eignar seg betre til å «gjennomføre upopulære, men nødvendige tiltak». Det segjer seg sjølv at ein tilsett styrar som kjem utanfrå fagmiljøet lettare kann setja seg utyver viljen åt dei tilsette, men er det eit mål? Ein må spyrja seg kva det er som gjer «upopulære, men nødvendige tiltak» so aktuelle for tidi, um ikkje eit ålvorlegt demokratiunderskot.

Det viktugaste argumentet for Rand-Hendriksen synest kor som er å vera at tilsette styrarar skal gjeva studentane større innverknad; det tek han upp att fleire gonger mot slutten av innlegget. Det kjem like vel dåleg fram kva denne trui grunnar seg på. Det næraste ein kjem, er ein idé um at di mindre dei vitskapleg tilsette fær å segja, di meir makt skal studentane få – og det er sjølvsagt eit edelt mål – jf. denne setningi: «Dessverre er det slik at flere instituttledere forholder seg i for stor grad til de vitenskapelige [sic] ansattes interesser – noe som ikke tjener verken studentene eller instituttene.»

Forutan at Rand-Hendriksen her set fram ein absurd motsetnad millom vitskapleg tilsette og institutt, gjev han eit framifrå døme på ei uppfatning som – di verre – er utbreidd millom studentpolitikarar, d.e. at studentane og dei vitskapleg tilsette er i ein konstant konflikt. Dette er ei sykja dei hev teke med seg frå gymnaset, der dei ikkje lika læraren som gav deim dålege karakterar. Når dei hev enda upp i studentpolitikken, er det av di dei aldri hev fenge augo upp for at universitetet er ein stad der kunnskapen tener høgre mål enn å reprodusera seg i form av papir som kann bytast inn i stillingar i det private næringslivet, for ikkje å segja den stødt veksande universitetsadministrasjonen.

Powered by Labrador CMS