SKEPTISK TIL EØS-PRESS: Tore Syvert Haga

Trugar EØS treningstilbodet?

Publisert Sist oppdatert

Dei siste vekene har Universitas skrive om korleis SATS vil bruka EØS-avtalen til å pressa fram eit dyrare treningstilbod frå Studentsamskipnaden i Oslo (SiO). Det kommersielle treningssenteret SATS er misnøgd med at SiO seljer eit ikkje-subsidiert treningstilbod til ikkje-studentar, i tillegg til det subsidierte treningstilbodet dei sel til studentar. Får SATS gjennomslag, vil prisen på studentane sitt treningstilbod går opp. I dag brukar nemleg SiO inntektene frå sal til ikkje-studentar til å subsidiera prisane for studentane.

SATS har no klaga SiO inn for overvakingsorganet ESA (Eg Ser Alt?), som passar på at Noreg fyljer kvar ein paragraf i EØS-avtala. Det er førebels uvisst kva utfallet av saka blir. SiO har støtte frå norske styresmakter, og gode argument om samfunnshelse på si side. Men i ESA er det ikkje dei gode argumenta som gjeld, der er det bokstavtru tolking av marknadsregelverket. Subsidier og offentlege inngrep i økonomien er ein uting der i garden. Terskelen for å gripa inn er låg. Eit døme er saka om heimfall til vasskraftverka, kor det var i strid med EØS å handsama private og offentlege eigarar av vasskraftverk ulikt. Eit meir universitetsnært døme var at EØS forbaud Universitetet i Oslo å ha eigne kvinneprofessorat, fordi menn ikkje fekk konkurrera fritt om posisjonane.

I saka om studenttrening er det viktig at regjeringa ikkje gir etter som eit stråhus så snart ESA nys.

I saka om studenttrening er det viktig at regjeringa ikkje gir etter som eit stråhus så snart ESA nys. Det får vera grenser for kva slags detaljstyring og pirking ein skal finna seg i. I denne saken må samfunnsomsyn, og omsynet til studentane si helse og lommebok gå framfor bokstavtru tolking av marknadsprinsippa i EØS.

Eg meiner også at denne saka visar at EØS har blitt ein langt meir omfattande avtale enn han var tenkt som då han vart vedteken. Sjølv om EØS er langt mindre omfattande enn ein EU-medlemskap, blir stadig nye område lagt under styringa til byråkratar og dommarar i Brussel og Luxembourg. Ungdom mot EU meiner at Noreg bør seia opp EØS, og erstatta han med ein avtale som sikrar handelen med EU, men utan å i same grad overstyra demokratiet.

Powered by Labrador CMS