Dagen derpå

Publisert

Dagen etter at opposisjonen møtte regjeringa med eit handtrykk og ein skeivt smil, dagen etter at det nye pensjonssystemet kom i hamn, sit studentane att og klør seg bak det eine øyret. Kva skjedde eigentleg onsdag 21. mars 2007 kl 11.30? La dei verkeleg fram eit nytt pensjonssystem der «alt» anna enn utdanning gjev utteljing?

Etter mange år med arbeid med pensjonssaka har vi tapt.

Etter mange år med arbeid med pensjonssaka har vi tapt. Og ikkje berre er vi taparar som studentar, men denne gongen tapar vi paradoksalt også som pensjonistar. Men vi gjev oss ikkje. Så fort vi har kome oss over sjokket, brettar vi opp skjorteerma og fortsett å setje fokus på kunnskap og utdanning.

Vi ønskjer spesielt å sette fokus på to framtidsretta verkemiddel det er verdt å

satse på:

Studentane gjev seg ikkje, og vi håpar politikarane ikkje gjev seg heller. Vi vil jobbe for framtida, sjølv om krampa tek oss att rundt neste sving, og vi må fortsette å arbeide til vi er 70 år.

  • Forskingsbasert undervising. Studentar må møte høg kvalitet på utdanninga si allereie fyrste året, og denne utdanninga må vere forskingsbasert. For at det skal vere mogleg å gjennomføre slik god undervising må institusjonar og undervisingpersonell få armslag. Institusjonen må ha nok fagfolk og desse undervisarane må få tid til å forske og utvikle seg på sitt fagfelt, samstundes som dei må ha tid til å undervise og rettleie. Dette må regjeringa følgje opp. I fjor fjerna regjeringa 275 millionar frå universitet og høgskular. I år må dei legge til 600 millionar ekstra kroner. Vi treng 1 000 nye forskarhovud.
  • Stipendiat. Ein stipendiat er ein som tek ein doktorgrad. Studentar som verkeleg vil, som har møtt god forskingsbasert undervising, kan finne på å ville satse på ein doktorgrad. Det kjem pengar til stipendiatstillingar over statsbudsjettet. I førre statsbudsjett kom det ikkje nokon nye slike stillingar. Regjeringa lova ein ny plan for dette. Vi har enno ikkje sett snurten av noko ny plan, endå vi veit det er naudsynt for minst 430 nye slike stillingar.
Powered by Labrador CMS