Språkschizofreni

Publisert

I Universitas 23.august står der at lærestadar i Oslo ikkje oppfyller krava om 25 prosent nynorsk. Dei vitskaplege høgskulane ligg mellom null og 5,6 prosent. Det er ei skandale. Lat meg kome med nokre eksempel.

Som student på Internasjonale studiar ved Universitetet i Oslo (UiO) opplevde eg stadig å få utdelt eksamen på bokmål. Om ein vil ha nynorsk, må ein vente ekstra lenge. Eksamen på bokmål vert delt ut først, deretter må ein stakkar nynorskbrukar sitte å vente medan ei eller anna forvirra eksamensvakt leitar fram eit eksemplar på det eksklusive språket nynorsk. Då vert det ofte til at ein tek bokmålsversjonen ettersom den for meg er godt forståeleg i tillegg til at prinsippa om målform faktisk må vike til fordel for ti minutt ekstra tid til å besvare oppgåva. På eksamen i Folkerett i 2005, hadde eksamensvakta faktisk gløymt å ta med seg eksemplar på nynorsk, og måtte springe heile vegen til Juridisk fakultet for å hente. Det er kort sagt tragikomisk sjølv om ein også kan bli litt forbanna over den slappe haldninga til eksamensarrangørane.

Og som ikkje dette er nok, har eg opplevd å få utdelt eksamen som er skrive på eit så dårleg nynorsk at eg har måtta spørje etter eksamen på bokmål fordi eg ikkje skjønte kva som stod der

Og som ikkje dette er nok, har eg opplevd å få utdelt eksamen som er skrive på eit så dårleg nynorsk at eg har måtta spørje etter eksamen på bokmål fordi eg ikkje skjønte kva som stod der. Dette har eg opplevd både ved UiO og ved Norges Veterinærhøgskole (NHV). NVH skal ha skryt for at dei i det minste prøver å skrive kvar einaste eksamen på nynorsk sjølv om det til tide har vore svært uforståeleg og fullt av feil.

Rettskriving er ein elementær basiskunnskap som alle professorar og andre som arbeider med det skrivne ord burde lære seg. I tillegg til å skrive så tungtfatteleg, tungvint og motbydeleg infløkt, skriv vitenskapleg ansette svært mykje feil. Det er greit nok at dei likar å skrive for kvarandre og sine kollegaer som kanskje også skriv like kronglete, tørt og fullt av feil, men det hadde for oss studentar vore kjekt om dei i det minste prøvde å skrive korrekt formulerte eksamensoppgåver på vår eiga målform. Eg anbefalar å ansette korrekturlesarar eller at ein sender vitenskapleg ansette på kurs i elementær norsk, både nynorsk og bokmål.

Powered by Labrador CMS