Svar til Christoffer Wiig

Publisert

«Det er fortsatt ikke for sent å snu, statsråd Røys.» Dette forfektar nestleiar i Høyres studenterforbund, Christoffer Wiig, i Universitas 18.1. Bakgrunnen er at regjeringa har tillaten at avtalen om fastpris på fag- og lærebøker for høgare utdanning blir forlengde eit halvt år.

Det er vanskeleg å sjå kva retning Wiig meiner eg skal snu meg

Det er vanskeleg å sjå kva retning Wiig meiner eg skal snu meg. Så langt har det ikkje vore nokon endring av regjeringa sin kurs i forhold til fastpris på fag- og lærebøker. Men før jul kom ein søknad frå ein samla bokbransje, inkluderte forfattarar, omsetjarar og fagbokforfattarar, der dei ber om å få fortsette med fastprissamarbeidet for fag- og lærebøker til høgare utdanning. Etter desse organisasjonane si meining er dette ei god måte å styrkje og utvikle norsk fagspråk ved universitet og høgskular. Da saka om faste prisar på bøker var oppe hausten 2004, gav dei fleste høyringsinstansane uttrykk for det same. Bondevik II-regjeringas avgjerde om at samarbeidet om fastpris for desse bøkene ikkje skulle oppretthaldast etter 1. januar 2006 var såleis svært omstridt.

Eg meiner difor det er trong for ei grundig vurdering av om det skal innførast eit varig høve til å setje faste prisar på fag- og lærebøker for høgare utdanning. Men det kan reisast spørsmål om dette er ei målretta ordning for å stimulere til auka sal og på denne måten styrkje og utvikle norsk fagspråk ved universitet og høgskular. Dette bør greiast betre ut, og vi kan ikkje forby samarbeidet om faste prisar medan så viktige spørsmål vert utgreia.

Eit eventuelt forslag om faste prisar på fag- og lærebøker for høgare utdanning vil verte høyrt på vanleg måte. Det er difor umogeleg å seie nærare når saka vert avgjort enn at det må skje innan 1. juli 2006.

Powered by Labrador CMS