ARENA, keisaren og havresekken

Europa-studiesenteret ARENA må bli bedre til å inkludere europakritiske perspektiver på sine arrangementer, mener kronikkforfatteren.

Tore Syvert Haga, sentralstyremedlem i Ungdom mot EU

Det er ikkje alltid hoffolk er dei rette til å drøfta kvaliteten til keisaren sine nye klede. Om ARENA-programmet vil få fram fleire perspektiv i EU-spørsmålet, må dei ikkje berre invitera føderalistar til å snakka på arrangementa sine.

ARENA-programmet ved Universitetet i Oslo arrangerte 25. november konferansa «What now? The EU at a Crossroads». Denne viktige og spanande konferansa skulle mellom anna drøfta om EU treng ein grunnlov, og korleis utsiktene for eit meir sosialt og demokratisk Europa er. Både forskarar og politikarar var vel representerte.

På programmet stod fem forskarar og fire politikarar. Ein av politikarane var frå ein finsk kvinneorganisasjon, dei tri andre blant dei ivrigaste EU-tilbedarane du finn i Europa. Anten har ARENA berre vore slurvete når dei har invitert eksterne innleiarar. Eller så har ARENA blitt ein politisk aktør på den norske jasida.

Dei fleste som har fulgt med på norsk Europa-debatt har fått med seg kor vår nye Stortingspresident Torbjørn Jagland står i EU-saka. På konferansa snakka han om «European integration as a response to globalization». Han er mellom anna kjend for å se EU som ein høgare form for sivilisasjon, og har nominert unionen til Nobels fredspris. «Min Europeiske drøm» er ei av fleire intergrasjonsivrige bøker han har skreve.

Steen Gade, som på konferansa snakka om «The prospects for a social Europe», har etter kvart utvikla seg til å bli den danske EU-debatten sitt svar på Torbjørn Jagland. I boka «Gades Europa», som kom i 2004, skreiv han om lag det same som stod i Jagland sin «Europeiske Drøm» ti år tidlegare. No reiser Gade rundt og held foredrag for sin eigen lille tenketank «Nyt Europa».

Den tredje føderalisten på programmet er kanskje litt meir ukjend for oss nordbuarar. Tyske Jo Leinen var inntil april i år leiar for «Den transnasjonale unionen av europeiske føderalistar». Han sat og i EU-konventet som laga utkast til Unionen sitt charter om grunnleggande rettar. Leinen, som på konferansa snakka om «Solving the current crisis» er leiar for «Komiteen for Konstitusjonelle anliggender» i EU-parlamentet.

Ein er ikkje nødd til å vera entusiastisk EU-tilhengar for å vera kvalifisert til å meina noko om kva som vil skje, eller kva som bør skje, på kontinentet vårt

Alle desse tri er kloke menneske med eit viktig og brennande engasjement for dei fire fridommane, euroen og EU sin grunnlovstraktat. Vel og bra. Me treng sånne stemmar i den offentlege debatten om Europa si framtid. Men me treng og å høyra motførestillingar og andre perspektiv. Spesielt på ein konferanse som skulle ta for seg EU ved eit vegskilje, og den krisa som unionen har hamna i. Skal ein forstå årsakane til krisa, og sjå løysingane på ho, treng ein å høyra kvifor folk i Frankrike og Nederland røysta nei. Ein må freista å forstå den folkelege skepsisen og motstanden mot EU-prosjektet. Den kan ein ikkje venta at Jagland eller Gade skal komma med. Ein må lytta til andre røyster enn dei føderalistiske. Difor er det trist at ARENA greier å setta saman eit så einspora politikarpanel. Ein er ikkje nødd til å vera entusiastisk EU-tilhengar for å vera kvalifisert til å meina noko om kva som vil skje, eller kva som bør skje, på kontinentet vårt.

Det blir ikkje betre av at fleire av forskarane har tatt del i den offentlege debatten som jafolk. Erik O. Eriksen har skreve kronikkar om «Demokratisk Overskudd» i EU. Helene Sjursen har fått seg til å skriva kronikkar om EU sin nye utanrikspolitiske rolle utan å få med seg at EU har gitt seg sjølve rett til å gripa inn militært kor som helst i verda utan FN-mandat. I staden slukar ho EU sin retorikk om at dei vil styrka FN og hjelpa u-landa. Sjursen og Eriksen er blant dei i landet som kan mest om EU, og eg korkje kan eller vil hindra desse debattantane i å seia si meining. Derimot vil eg ropa eit varsko mot at Europaforsking blir det same som EU-hylling.

Viktige deler av ARENA sin aktivitet er finansiert av EU. Dette betyr sjølvsagt ikkje at all forsking frå programmet er simpel propaganda. Men det betyr at dei bør vera serskild opptekne av å få fram fleire røyster enn dei røystene keisaren i Brussel helst vil betala for.

Powered by Labrador CMS