Språkleg forfall

Publisert

Diverre har eg ikkje lesi innlegget til Halvor Tretvoll i Filologen om det trivielle masseuniversitetet, men etter sister nummer av Universitas å døma har han nok rett i det meste jamvel om kommentarspalta i bladet freistar ironisera over argumenta hans.

Universitas ser ut til å vera livredd for ikkje å vera «en vogue» – trendy heiter det visst no. Bladet minner mest om VG og fylgjer alle krav til moderne journalistikk; ikkje meir enn 5o% tekst per side og det skal skrivast i enkle hovudsetningar. At ein journalist ikkje kan skriva norsk, er ikkje så farleg berre han kan vinkla.

På førstesida finn ein denne perla: Flere mener årsaken er fokusert på ernæringsekspert Fedon Lindberg. Ei overskrift lenger inne fortel at ein student «ventet 8 måneder på karakterklage», når det vel var svaret på klagen han venta på.

Språkleg forfall finn ein òg elles på universitetsområdet. I Teaterteltet under festdagane kunne ein få kjøpt bilett. Ingen såg ut til å ha reagert på det.

For ein intellektuell er språk viktig, men massestudenten ser ut til å vera svak i bokmål og heilt ukunnig i nynorsk og fransk og tysk. Engelsk trur han derimot er hans andre morsmål. I alle høve er det mykje flauare å skriva eit engelsk ord gali enn eit norsk eller fransk. Dessutan reknar ein ikkje med at gjennomsnittsstudenten er i stand til å følgja eit innvikla resonnement. Det syrgjelege er berre at teoretiske studiar er alt han har drivi med dei siste ti åra, når ein ser bort ifrå nokre gymnastikktimar.

Ein må spørja seg om kva skulepolitikarane har gjort med norsk skule og no er i ferd med å gjera med høgare utdanning. Korrekt språkbruk og teoretiske, logiske resonnement er grunnpillaren i akademikarutdanninga på same måte som ein snikkar må kunna bruka dei verktya faget hans krev. Kva gjer eigenleg gjennomsnittseleven på allmennfag i den vidaregåande skulen, og kva gjer massestudenten på universitetet? Lærer å skriva engelsk på datamaskin?

Powered by Labrador CMS