Verdt å satse på Radio Nova

Det er Radio Novas rolle som kulturformidler som gjør radioen til en god investering, skriver kronikkforfatteren.

Publisert

«Mediedebatt» er eit fast innslag i norsk politikk og samfunnsliv. Diskusjonane går jamt og trutt om NRK sin posisjon, om TV-lisens, om reklame, om tildeling av ny radiofrekvens, og så bortetter. I den studentpolitiske diskusjonen i Oslo har også «mediedebatt» vore eit fast innslag. I den studentpolitiske samanhengen gjeld dette studentradioen «Radio Nova» og studentavisa «Universitas», då dei er finansierte med støtte frå semesteravgifta, fordelt gjennom Studentparlamentet.

Med jamne mellomrom har det kome framlegg i Studentparlamentet om å gjere drastiske kutt i overføringa til eit eller båe av dei to studentmedia. Ved desse høva har dårleg kommunikasjon mellom gjeldande media og Studentparlamentet vore ein sterkt medverkande faktor. Med dei stramme økonomiske rammer studentmedia har, kan slike drastiske kutt i verste fall utgjere eit «vere eller ikkje vere» for det gjeldande mediet. Med ein god kommunikasjon mellom media og Studentparlamentet, som i dag, er dette imidlertid lite sannsynleg.

I dei siste åra har Studentparlamentet diskutert studentmedia på ein konstruktiv og ansvarleg måte. For å sikre eit betre grunnlag for sin diskusjon rundt studentmedia, vedtok ein å gjenomføre ei lyttar- og lesarundersøking i 2003. Eit av formåla med denne undersøkinga er å få klarlagt storleiken på lyttargruppa til studentradioen Radio Nova.

Radio Nova, både styret og dei aktive, ser fram til denne undersøkinga. Det er viktig for oss å få meir informasjon om våre lyttarar. Vi har også sett oss som mål å nå ut til fleire studentar – å auke lyttargruppa. Dette gjer vi gjennom å legge ut radio over nett på www.radionova.no (nede i høgre hjørnet), ved å satse på betre informasjon om sendingane gjennom skriftleg informasjonsmateriell, og gjennom å vere enno tydelegare i kulturbiletet i Oslo.

For det er nettopp Radio Nova som kulturformidlar som er hovudgrunnen til at overføringa frå semesteravgifta er god investering. Radio Nova har i over 20 år vore ein spydspiss for å presentere ny og spennande kultur i eit elles fargelaust norsk mediebilde. Radio Nova promoterar «studentkultur» i samfunnet. Det er ikkje tilfeldig at «Natt og Dag» denne hausten brukte to heilsider på å skrive om Fm99,3 (frekvensen Radio Nova sender på). For i sine mange samarbeid med andre kulturaktørar står Radio Nova bak alt frå «poetry slam» til støy-konsertar, vi spelar nye band lenge før dei kjem på P3, vi har intervju med filmskaparar i samarbeid med studentfilmklubben «Cinema Neuf», forfattarar i samarbeid med Forfatteraften, vi sender debattar i samarbeid med Onsdagsdebatten, og vi sparkar dvask reklameradio i ræva når vi søkjer på P4-frekvens og planlegg nasjonal studentradiofrekvens saman med dei andre studentradioane i landet.

I Radio Nova veit vi at vi er ei god investering. Difor er eg, som styreleiar, ikkje er redd for studentradioen sin eksistens. Lytterundersøkinga vil berre gjere oss enno betre.

I Radio Nova har vi også eit ynskje om at Studentparlamentet skal formulere sine målsetjingar for støtta til studentmediene. Ikkje av di vi vil setjast band på, men av di vi vil sikre at vi alltid kan syne for Studentparlamentet at vi er ei god investering. Då må vi vite kva Studentparlamentet ser som viktige kriteria kva gjeld innhald, ikkje berre tal på lyttarar. Vi veit at arbeidet med «Mediepolitisk Plattform» er tenkt gjennomført i 2004, og har tillit til at det nye Studentparlamentet vil vidare forbetre vilkåra for studentmediene gjennom dette arbeidet.

Innan kort tid vil eit utval av studentar ved UiO få ein e-post med oppmoding om å svare på nokre spørsmål om deira bruk av studentmediene. Eg håpar så mange som mogeleg nyttar dette høvet til å gjere studentmedia, radio og avis, enno betre. Som student er du i dag med på å finansiere ein studentradio, og studentradioen Radio Nova, med sine omlag hundre aktive friviljuge, har som mål å lage stadig betre radio, for stadig fleire lyttarar.

Powered by Labrador CMS