Undervisningstilbodet på Lingvistikkvarianten

Publisert

Universitas hadde 25. september i fjor eit oppslag om lingvistikkvarianten (LV) på¨Ex.fac. med tittelen «Kutter ut gruppeundervisningen til ex.fac. selv om 45 prosent stryker til eksamen». I mitt svar i Universitas 2. oktober peikte eg på ei rekkje unøyaktigheiter i oppslaget, mellom anna nokre ekstremt misvisande strykprosenttal: Der Universitas presenterte ein strykprosent for LV på 45 %, var det reelle talet rundt 36 %.

Men strykprosenten i haustsemesteret kunne eg sjølvsagt ikkje seie noko om i oktober i fjor, sjølv om Universitas klart lot det skine igjennom at dei venta ei klar forverring i strykprosenten som resultat av omlegginga av undervisninga. Derfor er det ei glede for meg å gjøre kjent at stikk i strid med den prognosen gikk strykprosenten dramatisk ned det første semesteret med nytt opplegg. Av dei som tok lingvistikkvarianten 2. desember 2002 var det bare 24 % som strauk til eksamen.

Powered by Labrador CMS