Omlegging av undervisningstilbodet på Lingvistikkvarianten

Publisert

Universitas hadde 25. september eit oppslag med tittelen «Kutter ut gruppeundervisningen til ex.fac. selv om 45 prosent stryker til eksamen», som dreier seg om endra undervisningstilbod på lingvistikkvarianten (LV). Oppslaget inneheld eit intervju med ein student som er bekymra over kuttet, eit intervju med meg, som fortel om bakgrunnen for kuttet, og nokre statistiske opplysningar om strykprosenten på LV. Eg skal ikkje gå inn på årsakene til kuttet, som er godt nok forklart i oppslaget. Men eg vil gjerne kommentere eit par av studentens påstandar, og det statistiske grunnlaget Universitas bygger på.

Studenten har i følgje intervjuet «hatt problemer med å løse oppgavene, og har et sterkt behov for å kunne stille spørsmål direkte til en lærer». Hadde dette vore sant, ville det sjølvsagt ha vore ein alvorleg mangel ved tilbodet på LV, ikkje minst med tanke på den nært føreståande kvalitetsreformen. Men situasjonen er ikkje slik studenten gir inntrykk av: I tillegg til 4 timar førelesingar kvar veke (som er det same som tidlegare), får alle studentar på LV dette semesteret tilbod om å få gjennomgått av faglærar oppgåver dei har løyst. Det er sett av 10 timar kvar veke til dette, og her kan studentane få stille alle dei spørsmåla dei ønsker direkte til ein faglærar. Dette er eit nytt tilbod dette semesteret, og kjem altså i tillegg til ordinær undervisning. Det har ikkje mangla på informasjon – skriftleg så vel som munnleg – om dette tilbodet til studentane på LV. Under intervjuet med Universitas nemnde eg også om dette fleire gonger. Eg kan ikkje anna enn beklage at det ikkje er nemnt i oppslaget.

Studenten seier vidare: «Foreleserne sier at vi kan stille spørsmål under forelesningen, men ikke så mange at det forstyrrer undervisningen». For det første: Det er ein foreleser på LV dette semesteret – meg sjølv. Dei andre faglærarane hjelper studentar med å løyse oppgåver. Eg spør derfor: Kven er den eller dei andre førelesarane? Og for det andre: Eg har aldri bede studentar om å redusere mengda av spørsmål. Som førelesar er det ingenting som gler meg meir enn studentar som stiller spørsmål – det er faktisk ein av dei tinga studentane skal gjøre. Dei som er i tvil om synet mitt på dette, er velkomne i Sophus Bugges auditorium 1 på måndagar og tysdagar frå 10-12.

Så til statistikken. Universitas presenterer strykprosenttal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DSH). Desse tala gir eit heilt feil inntrykk av strykprosenten på LV. Exfac består av ein fellesdel (som utgjør 40 % av ex.fac.) og ein variantdel (som som utgjør 60 %). DSH\'s kategori «Examen facultatum LV» presenterer strykprosenten for heile ex.fac med LV som variantdel – altså fellesdel + LV. Institutt for lingvistiske fag fører statistikk over karakteren på LV aleine. Der ser tala for dei same åra slik ut: 2001 – 36 %; 2000 – 36%; 1999 – 35,65%; 1998 – 36,95%. Desse tala gir det korrekte biletet av strykprosenten på LV.

Universitas gjør eit stort poeng ut av at gruppeundervisninga blir kutta på eit kurs der strykprosenten – altså feilaktig – blir sett til 45%. Til slutt vil eg derfor nemne at Institutt for lingvistiske fag også tilbyr eit intensivkurs – Forprøva i lingvistikk – to gonger i året. Dette kurset er i innhald identisk med LV. Men det skil seg frå LV ved at det ikkje blir gitt gruppeundervisning. Likevel er strykprosenttala langt lågare enn for lingvistikkvarianten: 2001 – 23,9%; 2000 – 18,55%; 1999 – 16,95%; 1998 – 22,05%.

Powered by Labrador CMS