Når meldaren er arrogant, må nokon gje beskjed

Publisert

I den siste utgåva (15. mai 2002) av Universitas, studentavisa ved Universitetet i Oslo, før sommarferien melder redaktør Tonje T. Larsen debutboka til Brynjulf Jung Tjønn Eg kom for å elske.

Eg kom for å elske er på 73 sider og har ei forteljing sjølv om teksten hoppar fram og tilbake i tid. Kvar tekstside skildrar brotstykke av livet til den unge kvinnelege hovudpersonen, ei jente som er redd for å mista dei ho er glad i. Når ho vert glad i eit menneske, reiser det. Dette skjer både med venninna Oda, broren, faren, og også mora.

Under tittelen «Når noe er dårlig, må noen gi beskjed» tek Tonje T. Larsen på seg det ho tydelegvis ser som eit stort ansvar, å slakta romanen til Tjønn. For å gjera nettopp det, bruker ho 19 minuttar (Larsen gjer sjølv eit stort poeng ut av dette faktum i melding). 19 minuttar på flytoget brukte Larsen på å lesa boka på 73 sider. Korleis kan Larsen skriva ei kvalifisert melding etter å ha skumma gjennom 73 sider på vel eit kvarter?

Hadde redaktøren teke seg betre tid, hadde ho kanskje oppdaga at nokre av sidefragmenta faktisk har poetisk eigenverdi, og at denne eigenverdien ikkje er «mildt sagt fraværende», slik Larsen slår fast.

Også eg tykkjer Tjønn ikkje greier å halda intensiteten oppe gjennom heile boka, men han maktar på dei fleste sidene å skriva lesaren inn i ei fortetta og kjensleladd stemning. I eit vart og sårt språk skildrar han sorga som veltar fram i hovudpersonen.

Dette har tydelegvis ikkje gripe Larsen der ho susa gjennom Romerikstunnelen. Larsen heng seg opp i forma: «det virker som om forfatteren tror at det hvite på sidene uttrykker det usagte. Det gjør det ikke. Det hvite er bare plagsomt hvitt». Sjølv tykkjer eg tekstfragmenta på dei luftige, kvite sidene, skapar ein minimalistisk, naken og kald utsjånad som underbyggjer den dystre handlinga.

Larsen fossar vidare i slaktet, og ho gjer det enkelt for seg sjølv når ho samanliknar Tjønn med sjølvaste Samuel Beckett, nobelprisvinnaren i litteratur i 1969. «Dette er ikke Beckett der hver tekststrofe er et kunstnerisk uttrykk som kan leses separat. Dette er Tjønn, (...)». Denne samanlikninga er urettvis. Kva for norsk kortprosaforfattar, debutant eller kanonisert, kan ikkje koma til å bleikna ved sida av Beckett?

Det som er mest forstemmande med Larsen si melding er at ho ikkje har gjort meldarjobben meir grundig og samvitsfullt. Larsen kompenserer si eiga slumsete lesing med å visa ei sjeldan arrogant ringeakt for boka. Nedsablinga nører opp under ein mistanke om at slaktet like mykje er eit uttrykk for ein markeringstrong hjå meldaren som eit seriøst forsøk på å vurdera ei bok.

Selvsagt brukte jeg mer tid enn 19 minutter på å lese, bedømme og tenke over boken «Eg kom for å elske, men førstegangslesningen varte desverre ikke lengre.

Powered by Labrador CMS