Enno falskare datatryggleik.

IT-direktør Arne Laukholm seier i forrige nummer av Universitas at «Vi vil nå sperre tilgangen til alle studentenes hjemmeområder, slik at de som ønsker det aktivt må gå inn for å åpne tilgangen for andre.» Her er det tydleg at IT-direktøren har misforstått kva som vart gjort.

USIT har gjort det vansklegare for andre å sjå namna på filene på heimeområda, men filene på områda er akkurat like opne som dei var før «stenginga».

Slik desinformasjon er kritikkverdig. Det som før var falsk datatryggleik er no enno falskare. Studentane trur heimeområda deira er sikra, for det sa IT-direktøren, og for ukunnige ser dei utilgjengelege ut fordi dei ikkje kan sjå filnamna på same måte som

før. Her skal eg prøve å forklare kvifor ein bør vere opne om at filer kan lesast av alle, istadenfor å prøve å skjule det slik USIT gjer.

I fleirbrukarsystema sin ungdom var det vanleg å la filer vere opne for alle. Deling av filer var ein var ein naturleg del av systemet. Filer måtte stengast aktivt viss dei ikkje skulle vere opne for alle, sidan hemmelege filer var unnataket. Slik er det enno i dei fleste

miljøa ved UiO som tok fleirbrukarsystema tidleg ibruk.

Olav Torvund spurte om kven som avgjorde at filområda til studentane skulle liggje opne. Svaret er: Dei som la grunnlaget for moderne fleirbrukarsystem og filosofien bak maskiner i nett. Dei lagde det slik.

Etter kvart kom Macar og PCar på nett. Personlege datamaskiner utan konsept om ulike brukarar. Tilgong på andre sine heimeområde var vanskleg å få til, og difor vart det ikkje gjort. Av PCane sitt inntog fekk vi ei ny brukargruppe, og med tida vaks denne brukargruppa til å bli den største.

MacOS X og Windows 2000 kjenner konsepta om ulike brukarar og tilgongsnivå på filer. Nedarva tradisjon gjer at det går tregt å ta det ibruk. Mange av brukarane førestiller seg framleis PCen med heimeområde som si personlege datamaskin. Den haldninga er farleg. Folk må lære seg at når dei er på nett er ingenting hemmeleg. Det ein brukar legg på M: er tilgjengeleg for alle, med mindre brukaren veit sikkert at fila eller katalogen er stengt. Det er privat, og det er uetisk å snoke i folk sine private filer utan lov av eigaren, men filene er ikkje hemmelege.

USIT bør gå i motsett retning. La områda vere opne, synleggjer det og bruk systemet slik det er meint til deling av filer mellom brukarane. Berre når brukarane ser korleis systemet kan og skal brukast, vil det vere mogleg for dei å bruke det rett.

Eg veit ikkje om Olav Torvund lurer på kvifor heimeområda til

studentane framleis er opne, men eg stiller spørsmålet til Arne Laukholm på nytt: Kven avgjorde at heimeområda til studentane og dei fleste tilsette framleis skulle vere opne, men på ein meir skjult måte, og korleis var det utgreidd på førehand?

Powered by Labrador CMS