Maria Carey og eg

«Whenever I watch TV and see those poor starving kids all over the world, I can\'t help but cry. I mean I\'d love to be skinny like that, but not with all those flies and death and stuff.» Maria Carey

Merkeleg nok, då eg las dette sitatet fann eg ut at Maria Carey og eg har ein del til felles. Sjølvsagt er det tragikomisk at Maria ønskjer å «be skinny like that». Det er lett å gjere narr av ho, men når vi tenker etter – kor mange kan, når vi er heilt ærlege med oss sjølve, seie at vi ikkje er påverka av kroppsidealet? Ikkje mange. Det er utruleg kor mykje tankeverksemd vi kan leggje ned i å bekymre oss for korleis vi ser ut.

Eg, til dømes, jobbar med årets TV-aksjon, som går til Kirkens Nødhjelp sitt anti-aidsarbeid. Eg les stadig om skjebnar som kan gi ein kvar problem med nattesøvnen. Eg burde ha alle moglege føresetnader for å skilje mellom kva som er viktig og ikkje. Eg les tal som er vanskelege å fatte, men som i blant treff meg midt i den trygge studiekvardagen min og får meg til å prøve å førestille meg ei anna røynd: Ein kvardag kor ein av to studentar er hiv-positive; slik situasjonen er ved universitet og høgskular i Durban i Sør-Afrika. Ein kvardag kor medstudentar plutseleg forsvinn, kanskje fordi dei er aidssjuke; kanskje fordi dei må ta seg av yngre søsken etter at foreldra har døydd i aids.

Eg har store problem med å førestille meg alt dette, og ender ofte opp med å spørje: «Kva er det

eg driv med?» For til tross for alt eg les, alt eg veit, så er det framleis litt av Maria i meg. Eg riv meg i håret og spør korleis det er mogleg at bekymringa mi for nokre ekstra kilo ofte er mykje meir intens enn bekymringa for at menneske verda over ikkje får dekka dei grunnleggjande behova sine.

Eg veit at mykje av svaret har med psykologi å gjere. Med å vere sentrum i eige liv og med behovet for å skuve ting frå seg for å klare å overleve. Men eg trur også at Maria kan gi oss litt av svaret. Ho snakkar om dei stakkars, svoltne ungane. Dei har ho sett på TV, same stad som ho sikkert har sett alle dei modellane som har gitt ho lyst til å bli tynn. TV. Det er det sentrale ordet. TV, og media si makt over dei bileta vi skapar av oss sjølve og av andre menneske. Problema rundt skeive mediaframstillingar av verdssituasjonen er vi kanskje meir medvitne om enn vanleg, i desse krigstider. Men kor ofte tenker vi på kva media gjer med biletet vi har av oss sjølve, denne gongen ikkje som kroppsobjekt, men som aktørar i ei stadig meir globalisert verd?

Både Maria og eg kan finne på å grine når vi ser dei fattige borna på TV. Men kva meir gjer vi? Når TV-en er skrudd av og tårene tørka? Her må eg innrømme at Maria-kunnskapen min ikkje strekk til. Eg veit ikkje kva ho gjer. Men eg veit at generelt sett, så gjer vi ikkje så frykteleg mykje. Vi blir pepra med elende frå alle kantar samtidig som vi får den daglege «dette må du gjere (les: kjøpe) for å bli meir vellykka»– dosen vår. Apatien ligg snublande nær. Kva kan vel eg gjere med alt dette, spør vi. Reklamen svarar, med eit budsjett på 435 milliardar dollar årleg: kjøpe dette, tenke dette, føle dette!

Eg svarar: Forandre verda!

Jada, eg veit at det er ikkje lett, at det ikkje finst enkle løysingar og at det ikkje kjem til å skje over natta. Men vi må tru på at det faktisk er mogleg. Og vi må ta tilbake handlekrafta vår. Korleis? Det finst sjølvsagt ikkje nokon fasit. Men eg trur at ein av dei viktigaste tinga vi kan gjere er å prøve å hindre at fleire finn på å tenke som Maria. Vi må frigjere oss frå ein tankegong som pasifiserer oss og i staden sjå korleis vi kan vere med å påverke gjennom dei vala vi tar i kvardagen vår.

Å bli bøsseberar på tv-aksjonen er ein måte å bruke handlekrafta vår på. Ein kan sjølvsagt innvende at bistand berre er lapping på sår og pleie av det dårlege samvitet vårt. Men så var det dette med å ha to tankar i hovudet samtidig, då. Eg er heilt einig i at bistand åleine ikkje løyser noko som helst, men det er ei nødvendig brikke. TV-aksjonen og dei 150 milliardar kronene vi håpar å samle inn, utgjer ein forskjell for menneske rundt om i verda som tar del i kampen mot aids. Dessutan utgjer det ein forskjell for oss her i Noreg, fordi TV-aksjonen handlar om noko viktig. Det handlar om å gi – om å gi pengar, men endå viktigare – om å gi tid. Det handlar om å gjere noko. Kan du avsjå to timar søndag 21. oktober?

Powered by Labrador CMS