Presset: Under by:Larm spelte Kaja i eit stappfullt telt på Youngstorget, med bransjeblikket konsentrert på seg.

– Der låg eg og åt masse smågodt og såg på porno

Kaja Gunnufsen har vore desperat, trist og svolten. No har ho gjort det til ei karriere.

Publisert Sist oppdatert

«Eg skreiv mykje då eg studerte sosiologi og berre sov heime.»

Kaja Gunnufsen (25)

  • Musikar frå Ås.
  • For tida i permisjon frå lektorstudiet på UiO.
  • Har gitt ut EP-en Hei Sveis, og singlane Faen Ta, Desp, Høst og Au.
  • Har på kort tid fått mykje merksemd for ærlege tekstar og fengande melodiar.
  • Vann forbilde-pris for kvinnelege artistar under Bylarm 2014.
  • Slepp debutalbumet Faen Ta 7. mars.

På Olaf Ryes plass i februar sit ein mann med ein jamrande saksofon i solskinet, rett utanfor døra til den klassiske Grünerløkka-leilegheita der Kaja Gunnufsen har budd i dei mest vimsete åra i livet sitt.

– Mykje av tida her har blitt brukt på å vurdera å flytta. Eg har eigentleg eit veldig ambivalent forhold til Oslo. Byen har fått meg til å lura på kva faen eg driv med.

Pophåpet Kaja Gunnufsen frå Ås er 25 år og har tatt permisjon frå lektorstudia på Blindern for å gi ut album og reisa på turné. Ho har fått mykje radiotid og spelt på både Øyafestivalen og Slottsfjell, og blitt ein bransjeyndling på grunn av dei ærlege tekstane og lette melodiane. 7. mars kjem debutalbumet Faen, Kaja. Det er gjennom tekstane, historiar om nettopp den kjensla av å ikkje vita heilt kva ein driv med, kor drit det er å vera singel, og den generelle håplausheita, at Kaja Gunnufsen har blitt eit namn å følga med på i musikk-Noreg.

Spesielt håplaust var det då Gunnufsen var i Henningsvær i fire månadar, med ein ambisjon om at det skulle bli den beste sommaren nokon gong. Litt impulsivt bestemte ho seg for å reisa opp til fiskeværet på sørspissen av Lofoten for å læra seg å klatra og jobba på klatrekaféen der.

– Eg kjeda meg i Oslo og jobba fulltid på Dattera til Hagen. Eg var lei av å vera bartender og å reisa ut, så eg hadde avskjedsfest og reiste opp dit på ubestemt tid. Det gjekk to veker, så ville eg heim. Eg hadde ein romantisk idé om midnattssol og å sitta på ein fjelltopp og drikka vin.

I staden gjekk dagane med til å ligga i senga utan hverken data eller mobil, eller å jobba på kaféen.

– Og så var det den sommaren det regna så mykje, så det var grått heile tida. Høgdepunktet var den eine dagen eg hadde fri. Då reiste eg inn til Svolvær og tok inn på bryllupssuiten åleine. Der låg eg og åt masse smågodt og såg på porno. Det heile var ganske stusseleg.

– Kvifor porno?

– Kvifor ikkje porno?

Sladder: Kaja Gunnufsen får bransjen til å jubla med ærlege tekstar om seg sjølv. – Frå eg introduserer meg sjølv, har eg allereie fortalt livshistoria mi, seier ho.

Men når det er lite som skjer, det er då Gunnufsen finn noko å skriva om.

– Det er då du får stilt deg dei spørsmåla og kjent på dei kjenslene. Eg skreiv mykje då eg studerte sosiologi og berre sov heime, og då eg reiste til Henningsvær.

Tekstane er ærlege og direkte, og er som oftast statusrapportar frå kvardagen til Gunnufsen.

– Mange har spurt meg om eg er redd for å gå over grensa. Så eg har blitt bevisst på det. Av natur er eg ikkje redd for det, for eg har aldri trudd at eg skulle skriva sangar for eit større publikum. Men det er meg sjølv det går hardast utover, eg har omtrent brukt dagboka som notatblokk. Eg føler alle andre sine tekstar er like utleverande, men det er kanskje heile pakka med ei norsk, naiv og ung stemme som gjer det så tydeleg.

No er publikummet større, men Gunnufsen har ingen planar om å bli mindre personleg. Ho understreker og at ho aldri vil henga ut enkeltpersonar, slik det kan virka i låta Desp, om å bryta eit sølibat, med desse tekstlinjene:

Og du er ikke snill, du bare later som. Det samme gjorde jeg da jeg sa jeg kom.

Du er av typen alle mødre anbefaler, men du er kjipere enn en liten Clausthaler.

– Du-et eg syng om, er aldri ein bestemt person. Mykje er eit sammensurium av fleire personar, og frå andre sine liv. Det er ei samling av kunstneriske friheiter eg tek meg. Det kan bli misforstått når stilen er så personleg.

Dei håplause kjenslene av å vera singel og retningslaus dominerer ikkje livet til Gunnufsen no. Ho er ikkje singel lenger, det skjer veldig mykje med musikken, og ho trener i alle fall litt meir. Medan ho sit og spelar piano i det kreative hjørnet med gitarar på veggane, sit kjærasten Tim med ein Mac og designar ein plakat for Bylarm-konserten på Herr Nilsen i Oslo.

– Kjem du til å ha noko å skriva om no?

– Eg har tenkt på det. Men samstundes kjende eg allereie i fjor sommar at eg var litt ferdig med temaet. Ein blir lei av alt. No fekk eg jo og eit spark i rumpa, for eg er ikkje i same sinnstemning som då eg skreiv til dømes Faen Ta. Men eg har ikkje latt meg plaga så mykje av det heller.

På håndleddet til Gunnufsen står det Rust Never Sleeps, namnet på ei Neil Young-plate. Teksten vart festa til huden på ein litt ufrivillig impuls.

– Eg var på besøk til ei veninne i Liverpool, og eg leika med tanken. Då eg gjekk inn og spurde om prisen, gjekk dei ut ifrå at eg ville ta den, så dei sette i gang med å gjera klar utstyret. Eg var rett og slett for høfleg til å seie nei.

– Angrar du?

– Nei. Den er litt stygg, men Neil Young er noko eg alltid vil lika.

Ho legg ein stabel med slitte notatbøker på bordet. Ho peiker på ei av dei, ei grøn lefse med ein hund på. – Den er eg spesielt stolt av. Det var ein periode der eg berre samla på stygge notatbøker.

Permane er fylt til randen av halvferdige sangtekstar, teikningar, setningar til dagboka og notat om Camilla Collett.

– Her har du Men And Food. Eg prøvde meg på dei same greiene på engelsk ein periode og. Det fungerte ikkje like bra. Det skjedde naturleg at eg gjekk over til norsk. Eg spelte ein konsert på engelsk der ein australsk ven var i publikum. Han kom bort til meg etterpå og sa at det var sjarmerande med norsk-engelsk, men at ein kunne bli sprø av det. Eg trudde eg hadde ganske god uttale.

Etter det gjekk Gunnufsen til dei gamle notatbøkene og fann fram gamle linjer på norsk ho aldri hadde fullført.

– Den første sangen eg laga på norsk, heitte Ode til livet. Det var eit dikt eg hadde som eg tilpassa litt til musikken. Det var ei aha-oppleving, eg kunne bruka mange av tekstane eg hadde frå før.

Det triste og naive Gunnufsen syng om, kjem ikkje berre fram i teksten, men og i stemma, noko ho vart bevisst på i Guatemala.

– Eg reiste i Mellom-Amerika eit halvt år, og stoppa i Guatemala ei stund. Der jobba eg på ein kaffiplantasje og budde hjå ein vertsfamilie, samstundes som eg var husmusikar på ein restaurant.

– Sang du på norsk då?

– Ja, og eit par cover-låter. Dei norske var nok meir eksotiske for publikum enn Bob Dylan og Neil Young.

– Korleis oppfatta publikum der tekstane?

– Eg hadde aldri fått kommentar på det før, men nokon sa eg hadde ei spesiell stemme. At det høyrdes naivt, men litt trist ut. På mange måtar er det ganske treffande.

I februar er ikkje Kaja Gunnufsen i Guatemala lenger, men på eit snødekt Blindern. For ho er faktisk student, sjølv om intervju, debutalbum, konsertar og bransjefestar tek opp tida. No har ho permisjon, men ho går lektorprogrammet.

– Det er skummelt kor fort ein dett av. Når eg startar igjen, går eg jo ikkje i klasse med dei eg starta med, og på Blindern har folk ein tendens til å eigentleg ikkje bry seg så veldig om kva ein driv med. No virkar det litt som eit anna liv å vera her oppe. Men om eg kjem opp att her, må eg jo fullføra.

Sjølv om ho har eit nøkternt syn på framtida som musikar, blir Gunnufsen meir og meir fleksibel i ambisjonane om å fullføra studiet.

– Eg starta med at eg skulle fullføra uansett. Så tenkte eg at eg i alle fall må ha ein bachelor. Men eg kjem jo ikkje langt med det når eg skal bli lektor. No er haldninga meir at me får sjå.

– Kva skal til for å hoppa av?

– Eg har aldri trudd eg skulle bli musikar av yrke. Eigentleg er eg ganske avhengig av å fullføra studiet, for det er ikkje noko anna eg vil studera heller. Men om det plutseleg skulle løsna og eg får mange spelejobbar framover, så hoppar eg jo på det.

Grunnen til at ho er på Blindern, er reint praktisk. Ho eig ikkje data sjølv og tek turen oppom for å svara på viktige e-postar.

– Eg trudde ikkje eg skulle seie det, men eg saknar faktisk å studera. Det er noko med dette frilans-livet som musikar. Ein blir så ustrukturert når ein kan sova så lenge ein vil. Då får eg ikkje gjort noko, eg blir veldig blå og destruktiv av det. Det verste er at eg får sikkert gjort meir med musikken og, om eg har seminar og forelesingar eg må gå på.

Tilbake i hausten 2012 studerer Gunnufsen sosiologi, og mistrives med det. Ho har lenge spelt musikk for sin eigen del, men no har ho lyst til å spela konsertar. Ho tok kontakt med fleire scener i Oslo, men det var umogleg å få napp utan noko musikk å visa til. Etter kort studiotid kom EP-en Hei Sveis og release-konsert på Mir i Oslo.

– Det var ein i publikum som filma ein sang som heitte Au og la den ut på Youtube. Og nokon sendte den linken til Ruben Nesse, som driv eit konsept som heiter Diamond Club, der dei gir ut ein singel i månaden.

Ruben Nesse er i dag manageren til Gunnufsen og grunnleggar av management-byrået Brilliance. Med singelen kom og ein konsert på Internasjonalen i januar i fjor.

Det Kaja Gunnufsen ikkje visste, var at representantar frå både Øyafestivalen og Slottsfjell stod i publikum.

– Me kunne kanskje blitt meir anspent om me visste at dei var der, og fokusert meir på å spela rett enn å spela bra. Det kan øydelegga litt av spelegleden. Den konserten var tydelegvis meir avgjerande enn eg ante.

Etter det skjedde ting over natta. Sommaren 2013 spelte ho på begge festivalane og gjekk i studio.

– Det var kjempestas og veldig uventa, så kort tid etter eg hadde lagt ut ein einaste sang. Men det har gjort det vanskeleg å forstå om eg har eit stort eller lite publikum. Ein ting er kva bransjen likar og dreg fram. Ein anna er kva som når ut til folk, og det har eg ikkje forstått heilt endå.

Etter Øya-festivalen fekk ho og sin første negative omtale. VG såg konserten, trakk på skuldrane og belønna innsatsen med terningkast tre. «Slik språklig tourettes er vanskelig å mestre. 25-åringen gjør heller ikke det», skreiv meldaren.

– Eg fekk høyra om omtalen rett etter eg hadde spelt ferdig. Eg hadde drukke litt, og hadde mykje adrenalin etter konserten. Eg kom rett frå eit intervju og hadde ein travel dag, så eg spurde manageren «skal eg berre slutta no, då?». Det var mest fordi eg var veldig sliten og litt full, eg mista rett og slett piffen.

Etter det har ho ikkje tenkt mykje på den dårlege omtalen. Men det har førebudd ho litt meir til albumet faktisk kjem ut og skal dømmast.

– Det er ein overgang frå det å berre vera eit friskt pust til å bli omtalt av kritikarar. Det er ikkje berre det morosame med å vera ærleg lenger, du blir bedømt på ein heilt anna måte. Slik sett var det bra eg fekk den dårlege omtalen under Øya, no kan eg sjå for meg at eg får slakt og.

Slakten er ho ikkje så redd for. Det skumlaste er å ikkje bli lagt merke til i det heile.

– Eg må innrømma at eg er nervøs for tilbakemeldingane, men og litt nyfiken. Om nokon hatar det, kvifor? Det er interessant å trigga hatet hjå nokon. Det verste er om noko er så keisamt at det ikkje vekker nokon kjensler.

Det mest nylege møtet med bransjefolket og kritikarblikka var på Bylarm. Med to konsertar på like mange dagar og berre ein halvtime til å visa seg fram på kvar, kjem nervøsiteten snikande tilbake.

– Det er så fort opp på scena og av igjen. Du skal prestera på veldig kort tid, og du har ikkje noko å gå på om ting kjem skeivt ut. Ein må visa seg fram, og det blir litt konkurranseprega. Det likar eg ikkje. Men det kan bli veldig gøy om det går bra.

Kult: Etter ein minikonsert på Big Dipper signerer Kaja plater. Mest fordi ho tykkjer det er kult sjølv.

Bylarm-fredagen har komme, og i dekning frå lett duskregn i Oslo spelar Gunnufsen konsert på platebutikken Big Dipper. Ei veke før debutalbumet kjem slepp ho vinylen her.

– Plata heter Faen, Kaja. Og denne låta heter «Faen ta». Så om dere lurer på om jeg syns det er kult å banne, så er svaret ja, seier ho til publikum. Til og med mor flirer.

Då P3 intervjua Gunnufsen kort tid før Bylarm, ba dei om tre gode grunnar til å sjå akkurat ho på bransjetreffet. Ein av grunnane var at ho hadde planlagt noko spesielt for den kvelden.

– Eg må innrømma at eg sa det mest fordi eg sleit litt med å finna tre konkrete grunnar til at folk skulle sjå konserten. Men planen var å vera meir mystisk. Kanskje spela med hette og ikkje seie noko.

Ho tenkjer seg om litt, før ho trekk på skuldrane.

– Men eg er redd det er for seint. Mystikktoget gjekk nok for lengst.

Powered by Labrador CMS