Gard Skagestad fyller den mannlege hovudrolla med liv og energi i ei framsyning prega av mørke, kalde haustfargar. Pressefoto: Erik Berg

Eksistensialistisk såpedrama

Viss du berre vil få med deg eitt stykke av ikkje-i-år-heller-men-kanskje-neste-år-Nobelprisvinnaren, er dette eit godt høve.

Publisert Sist oppdatert

Draum om hausten

  • Kor: Det norske teatret
  • Regi: Trine Wiggen

Draum om hausten frå 1999 er rekna blant klassikarane til Jon Fosse, og det er lett å forstå kvifor. Dialogen vekslar raskt og elegant mellom det alvorstungt filosofiske, det leikent erotiske og det smertefullt kvardagslege. Trass i gjentakingane som er Fosses signatur, blir det aldri monotont.

Etter å ha møtt ein gamal flamme på kyrkjegarden, tar den mannlege hovudpersonen eit lagnadstungt val, blir med henne og forlèt kona og sonen. Resten av livet må han leve med vekslande kjensler, ei mor som kjenner seg svikta, og ei ekskone som spøker rundt i bakgrunnen og minner om at «Ingenting er lenge sidan». Tid og korleis tida hentar oss inn er gjennomgåande tema i stykket. Handlinga flyt også mellom ulike tider, noko som bidrar til ei draumeaktig stemning.

Det er første gong stykket blir sett opp på ein norsk hovudscene, og for å fylle rommet må regissøren og skodespelarane bruke breie penslar. Av og til blir resultatet vel melodramatisk, slik at det ettertenksame i teksten og dei små stemningsskifta druknar. Ensemblet skal likevel ha for at dei gir karakterane liv og energi, og framhevar komikken som finst oppi det mørke alvoret. Fosse-framsyningar blir av og til farge- og humørlause. Det gjør ikkje denne.

Det norske teatret får i det heile tatt mykje ut av den sterke teksten til Fosse, og sjølv om den timelange førestillinga krev konsentrasjon, blir ho aldri utilgjengeleg. Ikkje akkurat ein kur mot haustdepresjonen, men ein dose melankoli ein godt kan unne seg.

Powered by Labrador CMS