Utruleg: Du går inn i eit rom for å bruka den neste timen på å komma deg ut igjen. Det er heilt utruleg at det er så gøy med Escape Room.

Røm frå kvardagen

Det er vanskeleg å komma på mange betre aktivitetar på ein ettermiddag enn å rømma frå eit låst rom på Sinsen. Men det kostar.

Publisert Sist oppdatert

Escape Room

  • Kor: House of Secrets, på Sinsen i Oslo

I eit bygg på Sinsen, litt gøymd vekk, ligg House of Secrets. Dei brukar ikkje mykje pengar på reklame og skilting, og når du kjem inn i resepsjonen ser du òg at det heile ser billig ut: Ein liten disk står ved sida av ein heimesnekra «Wall of Fame», og lengre baki lokalet står beskjeden om at neste konsept er på veg, handskrive med tusj på brunt papir. Men meir trengst faktisk ikkje for å trekka kundar og turistar frå ulike delar av verda. Escape Room-konseptet er bunnsolid, og kan fort reknast som ein av dei betre underhaldningsformane du kan finna.

Her er greia: Du og tre-fire vener blir låst inn i eit rom, og skal saman finna vegen ut. Du har ein time på deg til å finna kodar, nøklar og løysa ei lang rekke puslespel i dette rommet. Som bakteppe har du gjerne eit oppdrag, eit rollespel-element som skal løfta opplevinga – men det er gåtene som står i sentrum – frustrerande og utruleg engasjerande gåter.

House of Secrets sitt konsept heiter Stop The Virus, og historia er at du skal bryta deg inn hos ein hackar som har laga eit virus som infiserer alle datamaskiner i heile verda. Historia er lite overbevisande, og blir ståande som ein litt forstyrrande gimmick, men det trekk ikkje mykje ned. I ein time må ein leita og samarbeida, og vri hjernen – leitar du ikkje godt nok, eller om gruppa samarbeidar dårleg, går tida fort mot nederlag – og tapet svir ordentleg. Sigeren smakar nok, utan nokon eigenerfaring å basera det på, uendeleg mykje betre.

Timen går fort, og det er lite som kan forklarast av detaljane på trykk – men det er gøy. Det er gøy å finna ein liten nøkkel som fører til ein kode som gruppa, etter høglytt diskusjon, klarar å knekka, berre for å finna ein ny lås som må opnast med ein annan kode. Du blir svett, ivrig og engasjert, spesielt i dei siste ti minuttane.

Nokre ting må likevel trekka ned for House of Secrets sitt Escape Room. Eit openbart minus er at staden er prisen – rundt tusenlappen for to personar er i stivaste laget, sjølv om det blir billigare per hovud om fleire er med. Men om prisen ikkje skremmer deg vekk, vil du absolutt ikkje angra på å gå inn i eit rom, og febrilsk bruka ein time av livet ditt på å komma ut igjen.

Powered by Labrador CMS