18 i stil
Nei! Ikkje enno, vær så snill! Jepp, du har kjent det du også? Som når den aller artigaste karusellen på tivoliet stoppar. Slik kjentes det iallfall da «Music for 18 Muscians» var over. Det er usikkert om det var marimbaen, flygelet eller eit generelt vårsøg som gjorde at det byrja å svimle litt akkurat da. Men blant pegasus og tusen stjernehimlar kom dirrande toner og sleikte seg frå øyretippane og langt ned i magen. Ein berg-og-dalbane av vibrato og sirenesong openberra seg og det var ein fryd av dei sjeldne å henge på.
Førestillinga ga også innsyn i kreativ instrumentbruk og elegant scenekunst. Flygel kunne fungere som varsame slagverk, og musikarane såg på ei og same tid ut til å vera både svært tilbakelente og ytterst konsentrerte. Ikkje minst var det stilig å høyre korleis songstemmer kom inn i verket som instrument ved sidan av andre instrument. Det gjorde at samspelet i musikken fekk den forførande rolla eit fjollete popikon ofte blir tildelt når det er konsertar på ferde i vår tid.
Det var rett nok også eit stykke før pause, «Different Trains». Vel, det går alltid eit tog, og dette var strengt tatt eit som kunne passere. Strykekvartett iblanda lydspor frå skinner og samtalar er sjølvsagt eit kreativt grep, men mykje gjekk over i kvarandre og ga ikkje den førespegla kjensla av korkje Holocaust, krig eller frigjering. Når det er sagt, blir det sjølvsagt rått parti å setja det opp mot det som kom etter pause. Alt i alt var ikkje eit minutt bortkasta.