Kulturelt luftslott
Har du nokon gong lagt merke til den utruleg flotte steinbrua like ved legevakta? Ho kryssar elegant Akerselva og sørgjer for at eit evigvarande kobbel bymenneske, bytrikkar og bybikkjer kan gjera det same. Om du går på Elvebredden Café på DogA, er det iallfall gode høve til å oppdage praktverket. Men så spørs det om det var akkurat det du gjekk dit for. Kanskje hadde du heller møtt opp til ein slags alternativ, kulturell fredagpils. Tenkt at det var på tide å få litt innsyn i arkitekturkunstens mange irrgangar, også for ein gjennomsnittleg funkisorientert SiO-student?
I så fall var ikkje fredagens evenement stort å gå glipp av. Ein kortfilm frå 1977 om den absurde distansen, men også påfallande slektskapen, mellom ein million lysår og den minste partikkelen i ei menneskeleg hudcelle, var ikkje nok til å setja stemninga. Gjennomsnittleg lydkvalitet og øl i plastbeger hjalp heller ikkje på.
Da filmen, etter cirka fem minutt, var ferdig, var det ingen openbare grunnar til å bli verande. Så da må ein berre spørja seg kvifor ingen hadde gjort meir ut av dette. For tanken var god, den. Ikkje berre eminensen frå arkitektmiljøet skulle stikke nasane sine saman – det var snakk om arkitektur til folket med øl til drikke. Så kunne ein i det minste vist fleire kortfilmar? Fortalt noko om bakgrunnen for dei? Var dette arkiteturformidling eller var det eit håplaust forsøk på å marknadsføre ein nydeleg kafé? Eg veit ikkje. Eg sjekka mobilen, det var ingen nye meldingar, og eg gjekk.