Annonse

annonser i Universitas

Pauseknapp med potensiale

En AlpesymfoniHva: Klaverkonsert, verker av Chopin og Strauss

Hvem: Kringkastingsorkestret og NMHs symfoniorkester

Tid: Laurdag 5.februar

Klassisk konsert er forbunde med mange farer. Især for dei av oss som har eit nærast skrekkarta tilhøve til det å sitja stille meir enn eit kvarter om gongen. Vi likar jo helst å tru at eit liv der tempo er satt til molto prestissiomo er den ypparste forma for eksistens. Men så – i eit åttendels pauseslag – tek ein seg sjølv i å spørja: Kva har eg eigentleg halde på med? Eg vil byrje å tenkje radikalt annleis, inspirere og tenne gnister! Slike stemingsdrag kunne overmanne den som var i Oslo Konserthus denne kvelden. Ein risikerte små glimt av meininga med livet, før tordenbrak av musikalske samanstøyt på ny reiv ein tilbake til relativt jordiske dimensjonar. Og det er no heller ikkje den verste dimensjonen å vera i.

Så er det ei anna fare, som det er utøvarane si oppgåve å verje seg mot. For samspelet var forrykande, klaversoloen fortryllande og det generelle energi- og kunstnarisk innlevingsnivået forførande. Likevel – klassisk musikk er eigentleg ikkje noko nytt etter dette. Er det noko uavvendeleg traust og vaksent over denne musikkkforma? Kunne ikkje studentane teke mål av seg til å vera enda meir studentar? Kringkastingsorkesteret har da vitterleg tidlegare vist at dei stiller opp på både eitt og hitt. Det er freistande å seia harpe diem – eller iallfall – ikkje la det bli med dette. Gå lengre, gå av vegen og lev så farleg at vi beint fram byrjar å frykte at det er musikkhøgskolestudentane som skal endre samfunnet.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i anmeldelser

Rusa på makroner

En dobbel sluttscene viser det beste og det verste med Et dukkehjem.

Litt lange timer

Kommer det et bredt spekter tekster ut av noenlunde like mennesker?

Øyeblikk av frihet

Selv med pensum under armen er øyhopping i Oslofjorden å anbefale.


Flere saker fra anmeldelser »