Annonse

annonser i Universitas

Ganske godt argumentert

Av studenter i Osloargument, utgave nr. 5/2010

argument er, om ein tenker over det, eit ganske pussig konsept: Ei avis som så og sei utelukkande verkar basert på det skribentane har lyst til å skriva om. Temanummer, javisst. Men i si grunnleggande form er argument likevel ei samling artiklar der studentar (med eit romsleg definisjon av omgrepet) skriv om noko dei kan. På sitt beste er tekstane tankevekkande og godt skrivne. På sitt dårlegaste minnar dei mest om omskrivne bacheloroppgåver.

Stikkord for argument nr. 5 er olje, og temadelen om olje drøftar alt frå Nordsjødykkarar og Noregs vidgjetne «flaks» på 1970-talet, til kven som skal stå til ansvar for verdas oljeutsleppkatastrofar. Også i dei andre seksjonane finn ein interessant og lærerikt lesestoff, som til dømes «Klasseskille utfordrer Sør-Afrika» og «Økologiske myter uten dekning».

Der det knakar mest i samanføyingane, er når skribentane vert så introverte i si handsaming av stoffet at dei gløymer å referere til andre autoritetar eller kjelder i det heile tatt. For den forma argument nyttar seg av, med teksttungt og gjerne kronikkliknande innhald, er det avgjerande at lesaren heile tida er viss på kva belegg som einkvar tid ligg til grunn for opplysingane ein kjem med.

Om dette er tilfellet, tilgjer ein gjerne fråver av dagsaktualitet og den valdsamt sprikande innhaldslista. Ja, ein overser til og med ein ganske grov trykkfeil på side 3.

2 kommentarer

Martin

På forrige Velferdsting ble det delt ut penger studentmediene, og både Universitas og argument lå an til å bli kuttet drastisk. argument ble reddet med et nødskrik og Universitas fikk krass kritikk for pengebruken sin. Kan anmeldelsen ses på som et av de første støtene i en mediekrig?

Anna

En krig mellom Universitas og Argument ville vært som en krig mellom Dagbladet og Morgenbladet - helt meningsløs, fordi bladene har ulike nedslagsfelt. Begge trengs. Argument tar nok dette som en hyggelig oppmerksomhet fra Tassen. Må de begge leve!

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i anmeldelser

Rusa på makroner

En dobbel sluttscene viser det beste og det verste med Et dukkehjem.

Litt lange timer

Kommer det et bredt spekter tekster ut av noenlunde like mennesker?

Øyeblikk av frihet

Selv med pensum under armen er øyhopping i Oslofjorden å anbefale.


Flere saker fra anmeldelser »