Vokt dem for trollet!
Du trudde kanskje at ein kunne kappete med trollet, slik Espen Askeladd gjorde? Vel, det er feil. Immari feil.
André Øvredal lagar med Trolljegeren sin første spelefilm. Tre mediestudentar ved Høgskulen i Volda mistenkjer at den lokale skruen Hans (Otto Jespersen) er ein ulovleg bjørnejeger, og vil følgje han i sin eksamensfilm. Hans nektar først. Likevel får studentane (i overkant) raskt bli med og sjå kva han driv med i skogen om nettene.
Filminnspelinga er gjort i fantastisk natur på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane. Fjell, vidde og trollske skogar husar tusseladdar, dovregubbar og bergtroll skal ein tru filmen. Og Hans’ natteaktivitetar involverar troll. Mange troll. Han jobbar nemleg i TST – Den norske trollsikkerheitstenesta. Eit premiss det er overraskande lett å godta.
Studentanes reaksjonar på enkelte hendingar er lite truverdige. Men det gløymer ein fort då ein blir oppslukt av alle dei kule detaljane og humoristiske innslaga, og dei mange referansane til trolla i eventyra (og barnesongar) er herlege å oververe.
Animasjonane er så bra at ein tek for god fisk at trolla eksisterer og filminga er i vellukka dokumentarisk stil. Samt vert truverdet til filmen styrka ved bruken av fleire lokale skodespelarar. Øverdal har gjort eit godt val når han valde å la Knut Nærum og Robert Stoltenberg ha så små roller som dei har.
Uansett. Det er ingen tvil om at filmen verkeleg er over gjennomsnittleg kul.
Anna Werenskjold









