Annonse

annonser i Universitas

Banjobank

Far From TellusFar From TellusImpeller Recordings

Hadde dette vore musikk laga til ein film, ville filmen vore omtrent slik: Du er iført flanellskjorte, hatt og skinnchaps, sit på ein hest og humpar raskt gjennom ørkenen slik cowboyane gjorde det i gamle amerikanske westernfilmar, gjerne med ein lasso i ei hand og ein pistol i den andre. Hepp, hepp! Men indianarane kjem ikkje. I staden vert du angripen av aliens.

Å finne navn til nye sjangrar er trendy om dagen. Oslobaserte Far From Tellus spelar krautfolk. Altså krautrock (søk det opp i google sjølv) berre med innslag av banjo og psykedelisk synth som gir musikken eit meir speisa folkemusikkaktig preg.

Far From Tellus er debutalbumet til bandet. Tidvis minnar songane, som til dømes «The New Tune», om Grand Island, men ikkje like kult. Tidvis minnar vokalen om Bob Dylan, som i «Users of Uzi», men ikkje like særegen. I «Norwegian Fairytale Mix» er ein ikkje over dammen, men plutseleg i Irland. Snodig.

Det er til dels varierande uttrykk i songane, men banjoens skrangleklimpring og synthen er dominerande. Innimellom fungerer det godt, men det store innspelet av ulike lydar, på ein gong, blir fort slitsamt då det i dei fleste songane vert gjort få grep for bryte opp det intense og hektiske lydbiletet. Det er slik at du set pris på stilla mellom ein song er ferdig og den neste tek til.

En kommentar

John Withnail

Er litt av et nivå på anmelderestanden her i gården. FFT bedriver aktiv retrofuturisme på høyt niva, plukka opp skiva i sommer og den sparker seriøst ræv.

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i anmeldelser

Rusa på makroner

En dobbel sluttscene viser det beste og det verste med Et dukkehjem.

Litt lange timer

Kommer det et bredt spekter tekster ut av noenlunde like mennesker?

Øyeblikk av frihet

Selv med pensum under armen er øyhopping i Oslofjorden å anbefale.


Flere saker fra anmeldelser »