Annonse

annonser i Universitas

Nattasang for Lars

SponheimThomas Havro HansenGyldendal

«Lars smiler», «Lars tenkjer tilbake», «Lars blir alvorleg», «Lars er sliten». Dette er boka om Lars Sponheim, Venstrepolitikar, brumlebass og gardsbrukar i Hardanger.

Boka er skrive med journalistisk vri og i eit språk som tidvis fungerer veldig godt. Dessverre er den prega av ein heilt vanvittig bruk av adjektiv spesielt i dei tre første kapitla. Overjoviale skildringar som er direkte ubehagelige og upassande. Vi finn sitat frå vår kompis Lars som fortel om «bædde» tal på meiningsmålingane og om korleis alt «fønka» når oppslutninga var stigande. Forfattaren slit tidvis med å finne balansen mellom å skrive om privatperson Lars og politikaren Sponheim. Heile kapitlet om minstemann Lars og Johannes, pappa’n til Lars, er til dømes fullstendig overflødig, og kunne vore kutta ned til ei side.

Mot slutten av boka fungerer featureskildringane i langt større grad: Ein sau brukar litt lengre tid på fødselen enn det Lars meinar er akseptabelt, så han stikk heile den lange partileiararma si inn i det vrinskande dyret. Morosame hendingar og sitat, som med fordel kunne ha kome lengre fram i boka for å dra lesaren inn.

Det er tydeleg at forfattaren har god kjennskap til både Sponheim og partiet Venstre. Men på grunn av ein dårleg start vert ikkje inntrykket betre enn OK.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i anmeldelser

Rusa på makroner

En dobbel sluttscene viser det beste og det verste med Et dukkehjem.

Litt lange timer

Kommer det et bredt spekter tekster ut av noenlunde like mennesker?

Øyeblikk av frihet

Selv med pensum under armen er øyhopping i Oslofjorden å anbefale.


Flere saker fra anmeldelser »