Heimekos
Len deg tilbake i sofaen og tenk på skuleavslutninga i tiandeklasse. Legg så til ein halvliter øl, byt ut pubertal stotring med innstudert sjarm og du er på juscabaret i Frokostkjeller’n. Kulissane er fråverande, men til gjengjeld sit eit lys levande husorkester framfor deg. Når fem svinsande kvinner og ein svansande mann openberrar seg for ditt dimme åsyn, er du faktisk allereie halvvegs i lomma på heile oppsetninga.
Dette er heimesnikra. På plussida kan ein dermed notere einståande kontakt med eit publikum som stengt teke ikkje forventar seg all verda, og som dermed raskt skapar stemning. Samstundes må ein ta med at manuset, som ikkje alltid var like gjennomarbeidd, innimellom vart både teit og litt usmakeleg. Men også tidvis svært galant. Dagsrevyinnslag på vekselvis sogne- og solungmål sa meir enn tusen ord og meisterskapen i perleøyredobb sat godt for tilskodarar av alle lag og slag.
Svært lite var å utsetja på skodespelarkunstane, og enda mindre på glød og energi. Om dei eventuelt mangla noko kvar for seg, tok dei igjen på både personleg og musikalsk samklang, og såpass visuelt stilleg vart det også, at det kompenserte for den påfallande mangelen på glam. Og det vart frydefullt. Det er usikkert om dette var kunst, men det var definitivt kultur.
Marianne Granheim Trøyflat • Eivind Marienborg (foto)En kommentar
Svinsande og svansande omtale Her var det litt vanskeleg å få tak på kva anmeldaren eigentleg meiner om førestillinga. Manuset skal mellom anna ha vore både teit, usmakeleg og tidvis galant. Kva var det som var teit, usmakeleg og galant? Og kvifor? I omtaler kan det ofte vera eit poeng å grunna nettopp kvifor ein meiner det ein meiner. Eksemplifisera. Kva meines med heimesnekra? Og heimekos for den saks skuld. Kos berre for jusstudentane? Isåfall kvifor? For interne sketsjar? Førestillinga skal ha vore "såpass visuelt stilig at det kompenserte for den påfallande mangelen på glam". Hæ? Kva meines med påfallande mangel på glam? Er det noko som er påkrevd i ei revyoppsetting? Men førestillinga er likevel visuell stilig? Og kva meines med personleg samklang? For ikkje å snakka om ein litt sleivete bruk av begrepa kunst og kultur...





















