For vidarekomne

BabylonBabylon nr. 1/2009Babylon
2009-05-13

Nordmenn blir aldri mette av Midt-Austen. Den evigvarande konflikten er ei utømeleg kjelde til kritisk drøfting av både krig, fred, religion og politikk. Gjerne også metakritikk av den kritiske tilnærminga. I dette overopplyste, men undervurdert polariserte landskapet, må ein rett og slett yte litt ekstra, skal ein koma godt ut av det. Det gjer Babylon-redaksjonen.

Ballet opnar med ei musikkvitskapleg analyse av konfliktane. Delvis interessant, delvis avskrekkande. Denne burde kome lengre bak. Utvidinga frå norsk til nordisk tidsskrift er derimot ein udelt suksess. Tilgangen på kvalitetsartiklar aukar, samstundes som perspektivet står like støtt. Kvifor i all verda kjøper ikkje Midt-Austen våre edlaste eksportartiklar: Dialog, demokrati og sekularitet? Siste utgåve av Babylon gir deg kanskje ikkje svaret, men du prisar deg iallfall lukkeleg for at du ikkje er den einaste som har stilt deg sjølv spørsmålet. Ikkje minst er utgjevinga ein flott illustrasjon av kor ulikt det er muleg å tilnærme seg ei og same problemstilling.

Så får det vera at det heile luktar litt åndssnobberi, og at du truleg vil slite tungt om du ikkje har ei solid dose bakgrunnskunnskap om konfliktane. Det er utgjevingar som dette som gjer at du får lyst til å lære meir.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i anmeldelser

Svevende høstrock

Samspilt indie varmet kalde kropper en sur augustkveld på Sogn.

– Skål, Jokke!

Valentourettes forvalter arven etter Jokke på en glimrende måte.


Flere saker fra anmeldelser »