Tanketomt

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Henrik Syse

# Måtehold i grådighetens tid

# Cappelen Damm

Ikkje før hadde Nina Karin Monsen motteke Fritt ord-prisen, før den nyaste boka av Henrik Syse om moralsk forfall dumpar i fanget på oss. Ikkje slik å forstå at nokon av delane eigentleg handlar om kven du ligg med. Det er heller kor mange, kva du har innabords og kva som blir konsekvensane av det for dei rundt deg. Ytringar skal ikkje kneblast etter innhald, og bøker ikkje etter mangel på liberalt livssyn. Men absolutt ingenting av det som blir servert her er nytt, nytenkjande eller kreativt.

Syse dreg parallellar tilbake til Platon og Aristoteles, og det er i sanning ei fryd å lesa korleis oldtida sin dygdsetikk blir nytta til å sende saftige spark til dagens kyniske, offentlege legestand. Men det er også av dei få gledene utgjevinga har å by på. At forureining skadar jordkloden og at foreldre ikkje skal drikke seg fulle og skremme barna sine på julaftan, treng ein ikkje vera filosof for å forstå. Vi visste det frå før.

Forfattaren vedgår sjølv at han nok blir oppfatta som moraliserande og sjølvgod. Korrekt observert. Men dette kunne han teke eit hakk vidare. Er ytringsfridomen truga i eit samfunn der ein aldri kan kritisere andre utan å sjølv ha reine hender? Og kvifor likar ingen å bli moralisert over, når alle er samde om at etikk er viktig? Det hadde vore noko å tenkje på, det.

Powered by Labrador CMS