Jazz på berbisk

Publisert

Anmeldelse

# Tassili

# Latebkish

# ta:lik

Tassili er det musikalske møtet mellom marokkaneren Aissa Tobi og nordmannen Ketil Kielland Lund, der Tobi leier an med sang og strengeinstrument og Kielland Lund følgjer etter på keyboard og perkusjonsinstrument.

Resultatet: Gnawi- og chaabi-musikk ispedd vestlege klassiske tonar og jazz. Gnawi og chaabi er nordafrikansk folkemusikk. Førstnemnde oppstod i brytninga mellom islamsk sufisme, vestafrikanske tradisjonar og dei marokkanske berberane sin tradisjonelle musikk, og er sagt å vere healande for både kropp og sjel. Kor vidt Tassili kan gjere folk friske er ikkje sikkert, men dei kan ganske så sikkert få dei til å danse. Musikken er rytmisk og leikande, og flørtar med lyttaren. Den gjer seg aller best når musikarane køyrer opp tempoet, og nærast kastar sangane mellom seg. Særleg på sporet «Mimona lbharia» kjem duellen mellom den vestlege jazzen og den berbiske folkesmusikken fram. Dei stødige tangentane til Kielland Lund dannar basisen Tobi kan smyge og leike seg rundt. Nokre av sangane verkar å trenge tid til å spele seg varme, før dei verkeleg kjem i gong. Dei byggjer seg opp steg for steg, og når dei då endeleg får alle brikkene på plass, er det eit komplisert, men aldri for rotete rytme- og lydbilete som kan strøyme over lyttaren.

Powered by Labrador CMS