Annonse

annonser i Universitas

Skurtreskar-rock

JaquelineCape HornThis is management

Frå Sør-Østerdal sine mørke skogar har rocketrioen Jaqueline reist seg i det norske rockelandskapet. På deira tredje album spelar dei mørkare og meir dystert enn tidligare. Dét i eit seigt tempo, men likevel med ein voldsam energi. Ei blanding av klassisk rock, old-school metal, og med noko innspel av popinspirerte harmoniar. Utanom harde trommer, er feite riff og stilige bassgangar gjennomgåande på plata.

Vokalen er delt mellom gitarist Morten Wærhaug og bassist Marius D. Hagen. Den varierte songen og koringa er utan tvil det som gir størst inntrykk på denne plata. Harmoniane tilføyar svært mykje til musikken, og utan dette ville dei fleste av songane musikalsk sett vore svært mykje fattigare. Ein kan høyre dette på så og sei alle songane på Cape Horn, men kanskje særleg i «All Eyes All Ears».

Bandet fekk storslagne tilbakemeldingar også på deira to første album. Som på dei førre platene er trommene svært dominerande i lydbiletet. Innimellom kan ein kjenne igjen noko som kan minne om voldtekt av skarptromma, men det fungerer likevel. Til dømes i songen «Track of Water» er det trommene som utgjer nerven i songen og driv den vidare, på trass av elles roleg gitar og bass i byrjinga.

Jaqueline gjorde det igjen. Feit skurtreskar-rock frå Elverum.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i anmeldelser

Rusa på makroner

En dobbel sluttscene viser det beste og det verste med Et dukkehjem.

Litt lange timer

Kommer det et bredt spekter tekster ut av noenlunde like mennesker?

Øyeblikk av frihet

Selv med pensum under armen er øyhopping i Oslofjorden å anbefale.


Flere saker fra anmeldelser »