Ungdomsopprør

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Ed Husain

# Islamisten

# Humanist Forlag

# Per E. Fosser (oversetter)

I filmen The Wave vert elevar i ein klasse hjernevaska av læraren for at dei skal forstå korleis nazistane kunne ta over Tyskland. På slutten forstår alle elevane kva som har skjedd, og dei vaknar og ser at dei har drive seg sjølv til ekstreme lengder. Om lag den same kjensla hadde Ed Husain då han etter mange år med islamistisk aktivisme på skulen, i lokalmiljøet, i moskeen og i organisasjonen Hizb ut-Tahrir, innsåg at han meinte drap på ikkje-muslimar var riktig. Han vakna og kjende ikkje lenger seg sjølv.

Boka fortel om Husain si reise frå ein dydig muslimsk gut i London til ein dedikert islamist, med Kampen som einaste prioritet. Det interessante er å sjå kva tankar han sit att med, og kva han trur kan hindre framvekst av valdeleg islamisme. Han meiner den vestlege verda har ei medføydd manglande evne til å forstå islamismens psyke. At den britiske staten er ute av evne til å kontrollere rørslene, fordi dei ikkje ser kva ekstreme krefter som opererer i dei. Eit interessant innspel i debatten om islamismen si framvekst. Og når ein då har ei bok med ein viktig bodskap, er det jo keisamt at den norske oversetjinga er prega av direkte oversette engelske formuleringar og dårlig syntaks, som gjer at boka verkar som eit hastarbeid. Synd det, for Husain har noko å seie oss.

Powered by Labrador CMS