«Little sparkling star»
Enkvinnesorkesteret Therese Aune er i vinden. Torsdag var andre gang ho haldt konsert i Oslo sidan semesterstart. I mellomtida har ho rukke å spele både i Reykjavik, og på ymse konsertscener i Noreg.
Therese Aune sit aleine på scena, ho spelar piano og syng. Tekstene er naive, og har både melankolske og humoristiske innslag. Ein av songane handlar om å være bitter og å kaste stein mot sola. Ein annan om ei jente som er redd for sin eigen skugge. Aune spelar indiepop. Ho opererer med eit leikent lydbilete, og inn i musikken dreg ho artige effektar som eit lite leikepiano og kazoo (som for øvrig lagar utrulig kul lyd).
Det å gjere ein bra konsert handlar vel så mykje om korleis ein taklar det å stå på scena, som om den musikalske prestasjonen i seg sjølv. Aune treffer med begge deler. Då konserten var over vart ho lokka opp på scena igjen til ekstranummer: «Førre gong dreit eg meg skikkelig ut, og eg har ikkje øva… Men eg kan prøve.» Ifølgje ho sjølv gjekk det betre denne gongen.
Konserten tok aldri heilt av, men det var ikkje meininga heller. Det var ei utrulig fin stemning på konserten. Folk satt og lytta i stille. Etter en lang dag på lesesalen på Blindern var konserten med Therese Aune ei perfekt avslutning. Akkurat passe rolig, og akkurat passe sosialt.











