Annonse

annonser i Universitas

Ein for alle

JasonDen siste musketer Schibsted Forlag

400 år etter dei tre musketerar sist slåst for dronning og fedreland, er Porthos vekke, Aramis gift og kjedeleg, og berre Athos klar til å heve kården for Frankrike når laserstrålar frå ein vond keisar på Mars trugar med å slette ut alt liv på jorda. Plutseleg er det Athos for alle, utan at alle står klar til å dekke ryggen hans. Heldigvis finn han allierte i keisardottera på Mars, tøffelhelten General Amir og ein fengsla vitskapsmann, og kampen for rettferd og jorda si overleving stormar vidare.

Jason si forteljing nyt godt av Hubert sine fargeleggjingar. Særleg bruken av lilla, raudt, rosa og gult er med å understreke kontrastane mellom dei ulike karakterane. Så er det og korleis karakterane vert bygd gjennom reine, gode teikningar og morosame replikkar som driv Den siste musketer framover. Historia i seg sjølv er slik ein kan forvente av ei musketer-skildring, men med dei gode replikkane særleg Athos og den beinharde keisardottera frå Mars har, er det ei fryd å følgje dei i kampen mot den puslete keisaren og hans hemmelege ven frå jorda. Dei franske æreskodeksane og kårdekamp får utfordringar i møte med romvesen og laserpistolar, men Athos sine snare idear og uavgrensa snakkegåver er i stand til å setje den mest moderne teknologi ut av spel. Leve Frankrike!

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i anmeldelser

Rusa på makroner

En dobbel sluttscene viser det beste og det verste med Et dukkehjem.

Litt lange timer

Kommer det et bredt spekter tekster ut av noenlunde like mennesker?

Øyeblikk av frihet

Selv med pensum under armen er øyhopping i Oslofjorden å anbefale.


Flere saker fra anmeldelser »