Annonse

annonser i Universitas

Dyr på H

Kirjan WaageKjæleJippi

Ei jente i klassen min på ungdomsskulen hadde hamster. Nusse, trur eg den heitte. Ein dag putta veslebroren hennar den i baklomma si berre for leik, men gløymte etterkvart at den var der og endte opp med å sette seg ned på ein stol. Død hamster vart resultatet. Episoden gjekk sterkt inn på meg den gongen, og kjensla Nusse sin tragiske død hadde vekt i meg, vakna straks til live att då eg las første del av Kjæle om hamster.

Utan å røpe noko av slutten, minner historia om at det fysiske overtaket mennesket har på ein hamster ikkje nødvendigvis betyr at det psykiske er stort. Det er verre å halshogge ein hamster enn ein trur. Sjølv for vaksne menn. Og kjenslene eit skadd dyr kan vekke, er ofte sterkare enn venta. Og om du er hund aleine på månen, er det dumt å tisse i romdrakta si. Interaksjonen, og den tidvise mangelen på den, mellom menneske og kjæledyr vert i heftet utdjupa i historiar om dyr på h: Hamster, hest og hund. Einkvar som har hatt eit kjæledyr vil kjenne seg att i dei morosame og finurlige skildringane til Waage. Litt fordi det ikkje skal mykje til for å vekke kjensler knytt til dyr (sidan alt med pels og store auge er synonymt med elskverdig og vakkert), men mest fordi dei styggfine teikningane til Waage er så uttrykksfulle og festlige, at ein er nøydd å late seg fenge.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i anmeldelser

Rusa på makroner

En dobbel sluttscene viser det beste og det verste med Et dukkehjem.

Litt lange timer

Kommer det et bredt spekter tekster ut av noenlunde like mennesker?

Øyeblikk av frihet

Selv med pensum under armen er øyhopping i Oslofjorden å anbefale.


Flere saker fra anmeldelser »