Uutløyst

Publisert

Anmeldelse

# Ida Maria

# Fortress Round My Heart

# Selskap Waterfall records limited

Årets store hype, Ida Maria, har ei ganske kul stemme. Rå, litt hes og med ein liten knekk. Det dumme er at når ein berre køyrer på hundre prosent full fres heile tida, og kastar skam på kunsten å halde attende, greier ein ikkje å syne det.

Av og til kjem små augeblikk kor alt klaffar, men dei forsvinn like raskt som dei kom. Ein ventar og ventar på at songane skal lausne, og av og til trur eg nesten det kjem, men det gjer aldri det. Plata berre let lyttaren henge der med ønske om at songane og Ida Maria si råe stemme skal løftast til eit høgare nivå kor musikken gjev ein noko meir enn lett synge med-stemning, men dit kjem ho ikkje.

Når den sjette songen, Forgive me, byrjar, er eg sikker på at eg har høyrt den før. Det har eg ikkje, men den er berre så lik alle dei andre. Og det er det som er svakheita med plata. Ingen av songane skil seg ut, og greier å verte noko anna enn ei rekke med karakterlause spor.

Til trass for at Ida Maria flørtar med ulike sjangrar og prøver å skape liv vert heilskapen litt, vel, keisam. Klapping i bakgrunnen på songar er morosamt det, men ikkje nok til å dra ein song opp frå koma.

Eg har fryktelig lyst å digge Ida Maria fordi ho er kul og gjer alle ting sjølv og har bein i nasa og står på, men det hjelp ikkje det når musikken ikkje greier å leve opp til imaget.

Powered by Labrador CMS