Einsam i krig
«Eg er så fryktelig einsam», seier soldaten Zapo i telefonen frå Vaktpost stilling 47 til kapteinen sin, på spørsmål om det er noko nytt å melde frå fronten. Og det er det Frokost i det grønne mellom anna handlar om. Korleis krigen gjer ein einsam og aleine.
Soldaten Zapo får imidlertid snart besøk av mora og faren hans som har bestemd seg for å ta ein frukost i det grønne ved sonen si skyttargrav, og einsemda til Zapo går over i frustrasjon over at foreldra ikkje forstår kor farleg det er der ute kor bombene kjem farande frå himmelen kor tid det skulle vere.
Når dei i tillegg får han til å ta til fange ein soldat frå fienden sine rekker, vert det mykje for ein stakkars soldat som alltid håpar å ikkje treffe når han må skyte mot fienden. Både skodespel og sang i oppsetninga fungerar betre når fleire er på scena. Det verkar som om intimiteten i teatersalen på Chateu Neuf gjer at dei som står på scena aleine, ikkje greier å slappe av.
Når fleire kjem på, går det derimot betre, og samspelet skodespelarane imellom er svært morosamt og underhaldande. Særleg Ellen Andreassen som Fru Tepan, mor til Zapo, er herleg. Kulissane og effektane i grå papp som av og til brotnar grunna valdsamt skodespel seier noko om kor skjørt tilveret er, noko karakterane i stykket og får oppleve mot slutten.











