Annonse

annonser i Universitas

Den relative driten

Lotta ElstadEn vanlig dag på jobbenSamtiden

Thorbjørn Jagland sa for nokre år sidan ordet «dritjobbar», og snakka om dei jobbane vi ikkje vil ha. Dei som er underbetalt, med dårlige vilkår og ugunstige arbeidstider. Dei vi helst ser at andre gjer. For mange som kjem til Noreg er dei det einaste alternativ.

Lotte Elstad, masterstudent i historie, ville prøve korleis det var å ta driten etter andre. Ho tok seg jobb i reinhaldsavdelinga på eit hotell i Oslo. Saman med alle dei vi har henta inn for at dei skal skrubbe driten etter oss. Erfaringane vart til bok. Eit utdrag er trykt i årets første utgåve av Samtiden.

Her pløyer ho seg ned i driten, og serverar han på sølvfat. Skildrar kvifor det er så greitt å vere kvit med norsk statsborgarskap og eit norskklingande namn når arbeid og lønningsposar skal fordelast. Kan ein sjølvproletarisert student formidle kvardagen og problema til dritarbeidarane på ein truverdig måte? Ja, det er det inga tvil om.

Ho har greidd å vere både medmenneske og forskar, og resultatet er god lesing. Boka hennar bør vere første ledd i aksjonen for å betre vilkåra for lågtlønna yrke her i landet. Og for å gjenreise respekten for dritjobbane. Drit er ikkje berre drit. Som Elstad skriv på slutten: «... dritt er så klart – som enhver sosialantropolog med en kort og en lang øredobb vil si - relativt».

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i anmeldelser

Rusa på makroner

En dobbel sluttscene viser det beste og det verste med Et dukkehjem.

Litt lange timer

Kommer det et bredt spekter tekster ut av noenlunde like mennesker?

Øyeblikk av frihet

Selv med pensum under armen er øyhopping i Oslofjorden å anbefale.


Flere saker fra anmeldelser »